Praksiskoordinator (seniorkonsulent)
Noregs handelshøgskole (NHH)
Helleveien 30, 5045 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- 25/08475
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Om NHH Karrieresenter og stillinga
Vi søkjer etter deg som er engasjert og dyktig, som trivs i eit internasjonalt miljø med ein variert kvardag, der du har mykje kontakt med studentar og samarbeidspartnar over heile verda. Du har god digital kompetanse som bidrar til utvikling av prosessar og strukturar.
NHH er leiande på studentmobilitet i Norge og som vår nye medarbeidar vil di hovudoppgåve vere knytt til utvikling og drift av praksismobilitet som gir studentar høve til å vere i praksis hjå ein arbeidsgivar i ein periode som ein del av utdanningsløpet.
Du vil inngå i NHH Karrieresenter ved Seksjon for internasjonale relasjonar, som er ein del av Studieadministrativ avdeling. Karrieresenteret bidrar til den personlege og profesjonelle utviklinga til studentane.
Hovudoppgåver vil vere å
- sakshandsame, administrere og vidareutvikle høgskulen sine program for praksismobilitet med fokus på effektiv drift og kontinuerleg forbetring
- rettleie og rådgje studentar og verksemder om praksismobilitet
- koordinere og gjennomføre events og arrangement for studentar og verksemder
- følge opp verksemder som tilbyr studentane praksisplass, kvalitetssikre og vedlikehalde avtalar
- sørge for at emneansvarlege har naudsynt informasjon om administrative rutiner og endringar
- rettleie studentar om karrieremoglegheiter og jobbsøking
- delta i andre arbeidsoppgåver på seksjonen
Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.
Arbeidsoppgåvene kan endre seg over tid.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant høgare utdanning, minimum tilsvarande bachelorgrad. Realkompetanse med relevans for oppgåvene kan i nokon høve kompensere for utdanningskravet.
- svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk
- god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk
- gode ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
- erfaring frå liknande arbeid
Det er ein fordel at du har
- sakshandsamarkompetanse frå det offentlege
- internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet
- kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
- språkkunnskapar i andre framandspråk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- arbeider sjølvstendig, tar initiativ og som ser løysingar
- har evne til å jobbe målretta og strukturert
- har evne til å prioritere i en hektisk arbeidssituasjon, planlegge og organisere arbeidet
- kommuniserer godt og som er godt til å samarbeide og bygge relasjonar
- er utviklingsorientert og har evne til å utvikle nye prosessar
NHH tilbyr
- varierte faglege utfordringar
- eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstidsordning og inkluderande arbeidsliv
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (www.spk.no)
- velferdsgode som subsidiert trening og bedriftshytte
Stillinga har kode 1363 - seniorkonsulent og er lønna med kr. 588 000- 635 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
NHH kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ekstern leverandør. Bakgrunnssjekken vert utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med leiar for NHH Karrieresenter Ann-Mari Haram, ann-mari.haram@nhh.no tlf. 941 75 804.
Søknadsfrist 20.11.2025.
Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.
Om bedriften
Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar over heile verda. NHH er førstevalet for studentar som vil ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
Aktivitetane våre er prega av høg kvalitet, sterke etiske standardar og innsats for felles mål. I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi og deler ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH ligg i Bergen og har rundt 3 750 studentar og 455 tilsette.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
713b7013-2eb8-4362-88e2-3f4e31f97d61
- Sist endret
6. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269428
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
EVU-koordinator (seniorkonsulent) 100% ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen