Ambulansearbeidar/ Paramedisiner
Amb.stasjon Sunndal/Nesset, Helse Møre og Romsdal HF
Mongstugata 7, 6600 Sunndalsøra
Om jobben
Stillingstittel
Ambulansearbeidar/ Paramedisiner
Oppstart
1. februar 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag!
Seksjon Sunndal-Eidsvåg har ledig 50% fast stilling frå 01.02.24
Vi er ein seksjon med stadig nye utfordringar, godt arbeidsmiljø, hyggjelege og engasjerte kollegaer med tydelig fokus på best mogleg pasientbehandling. Klinikk for prehospitale tjenester i Helse Møre og Romsdal HF organisera den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt - og luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Er dette noko for deg, er du velkommen som søkjar på stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Vi ynskjer at du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar
- Du har evne til å inspirere og motivere, og har gode evner til samarbeid
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Påta seg dei faglege delegeringane som krevst
- Interne arbeidsoppgåver
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldand for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som autorisasjon som paramedisiner/ ambulansearbeidar
- Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Ha førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarende 5 stp. på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med gjennomført Paramedic utdanning, eller er villig til å fullføre slik utdanning
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i forbindelse med resertifisering
Personlege eigenskapar
- Du har tydeleg og respektfull kommunikasjon med pasient og kollegaene
- Du har evne til å gjere riktige prioriteringar i nødsituasjonar
- Du er flink til å motivere, og har ein indre motivasjon for stillinga og oppgåvene som er knytt til den
- Du er tilpasningsdyktig og fleksibel
- Du har gode datakunnskapar
- Du har gode samarbeidsevner, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Du har god norsk muntlig og skriftlig fremstillingsevne.
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Jonny Moen, Seksjonsleiar, jonny.Moen@helse-mr.noArbeidsstad
Mongstugata 76600 Sunndalsøra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4735323488
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.02.2024
Søknadsfrist: 07.12.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2496493
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87728339d850422bb37abbd8237ee78b