ID 2311 Brannkonstabel / utrykkingsleiar - Stord brann og redning
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
brannkonstabel
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Stord brann og redning sin brannstasjon på Leirvik har i dag 34 heil- og deltidstilsette. Utover dagkasernert beredskap, vil utrykkingsleiar gå i ein firedelt rotasjon med heimevakt kvar fjerde veke. Ettermiddag/kveld/natt- og helgeberedskap er organisert med fire (4) vaktlag á seks (6) personar, som har heimevakt kvar 4. veke.
Stord brann og redning har ledig stilling i 100% stilling som brannkonstabel (utrykkingsleiar på sikt) ved dagkasernert beredskapsavdeling på Leirvik stasjon.Arbeidsoppgåver
-
brannkonstabel i eit vaktlag i ein firedelt rotasjon med heimevakt kvar fjerde veke - ettermiddag, kveld, natt og helg
-
gjennomføre systematisk øving og trening for å oppretthalde og vidareutvikle naudsynt kompetanse i den dagkasernerte beredskapen, og for deltidsmannskap (4 vaktlag)
-
bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
-
bidra til at Stord brann og redning er synleg og til stades for innbyggjarane i kommunen på ein god måte
-
andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
-
i tillegg øver vaktlaga omlag 40 timar i året
- Stillinga vil og ha ansvar for administrasjon av Stord kommune sin bilpark.
Kvalifikasjonar
-
gjennomført yrkesutdanning for utrykkingsleiar i samsvar med gjeldande reglar, eller vere villig til å gjennomføre utdanning etter tilsetjing
-
relevant fagbrev innan tekniske fag eller anna relevant arbeidserfaring
-
bustad i nærleiken av Leirvik brannstasjon, maksimalt 5 min køyretid frå stasjonen
-
politi- og helseattest
-
god fysisk helse og bestått lovpålagt fysisk test for innsatspersonell
-
god psykisk helse
-
førarkort minimum klasse C, eller vere villig til å ta sertifikat etter tilsetjing
-
god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
normalt gode IKT-kunnskapar og god praktisk innsikt
-
kode 160, eller vere villig til å gjennomføre kurs etter tilsetjing
-
leiarerfaring gjerne frå brannvesen eller andre operative etatar
-
erfaring som brannkonstabel ved eit brannvesen/annan relevant operativ erfaring
-
interesse/fagkompetanse for fagområde bilhald/administrasjon av bilpark
Særskilte krav
Politiattest må visast fram ved tilbod om stilling. Me ber om at referansar vert oppgjevne i søknaden. Kopi av vitnemål og attestar må takast med til eit eventuelt intervju.
Me tilbyr
-
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson:
Avd.leiar beredskap Frode Lillerud, mobil: 97552052, frode.lillerud@stord.kommune.no eller Brannsjef Jan Ove Anthun, mobil: 97552053, jan.ove.anthun@stord.kommune.no.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931146
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
71282020-b387-41ad-bd23-f3df627c13da