Sosialrådgjevar 100 %
Klepp kommune, Kleppe skule
Viervegen 10, 4351 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Sosialrådgjevar 100 %
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. desember
Skulen har to sosialrådgjevarar, der denne stillinga er den eine. Dei to sosialrådgjevarane har tett samarbeid og inngår i team saman med administrasjonen ved skulen. Sosialrådgjevar arbeider med sosial kompetanse og sosiale elevforhald både på individ - og systemnivå.
Den som blir tilsett får ein unik moglegheit til å vere med å utforme innhaldet i stillinga til beste for alle elevane på skulen.
Fast stilling frå 26.01.26 eller etter avtale.
Arbeidet er kombinasjon av direkte elevretta arbeid knytt til sosial kompetanse og skulemiljø (individuelt/gruppe/klasse) og systemarbeid. Dersom ønskeleg kan det vere aktuelt med deltidsstilling, men minimum 80%
Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med 465 elevar. Vi har eit stort, godt uteområde som innbyr til leik og aktivitet . Vi er TL (Trivselsleiar)-skule, dette er eit viktig tiltak i det førebyggjande arbeidet med skulemiljø. Nyleg oppretta vi miljøteam ved skulen som ein del av eit prosjekt innan tidleg innsats.
Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Ved skulen har vi Språkstasjon, som er ein eigen avdeling med norskopplæring for elevar som kjem nye til landet.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
- samarbeide tett med skuleleiinga, lærarar, miljøpersonell og helsesjukepleiar
- forebyggjande arbeid med sosial kompetanse og skulemiljø på systemnivå
- direkte arbeid med elevar (individuelt, grupper og klasse) med fokus på sosial kompetanse og skulemiljø
- gje tilsette støtte og rettleiing i arbeidet med læringsmiljøet
- samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar som f.eks. barnevernet, PPT, Klepp Tverrfaglege Team
- oppfølging og samtalar med elevar, føresette og tilsette
- oppfølging av elevfråvær i samarbeid med kontaktlærar og andre tilsette
- Ansvar for miljøteam
- Oppfølging av TL(trivselsleiar)
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning innan sosialfagleg utdanning, lærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning. Anna relevant utdanning kan og bli vurdert
- erfaring med arbeid med barn eller unge, særleg frå arbeid i skule. Erfaring med å arbeide systematisk og forebyggjande med sosial kompetanse og sosialt arbeid er ein fordel.
- gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- gode IKT-ferdigheiter
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- i tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- skaper gode realsjonar
- strukturert og sjølvstendig
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- eit inkluderande elevsyn
- positiv, fleksibel og stå-på-vilje
- godt humør
Vi tilbyr
- ein spennande, variert og utviklande jobb der du får vere med å utgjere ein forskjell for elevane saman med dyktige kollegaer.
- Klepp kommune har velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
- tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
- løn i henhold til lokal lønspolitikk
Kontaktinformasjon
Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767Arbeidsstad
Viervegen 104351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5040511068
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Sylvia Gjersdal
Rektor
+47 92839767
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
710e1815-644d-4a06-86c0-ff0179bd6a4a
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d8b0697fc74345f28e3d5b71af33d8e6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Klepp kommune
Sted
Klepp Stasjon
Arbeidsgiver
Klepp kommune
Sted
Kleppe, Klepp Stasjon
Arbeidsgiver
Bryne ungdomsskule, Time kommune
Sted
Bryne