Skulesjef
Klepp kommune
Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon
Om jobben
- Stillingstittel
- Skulesjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Vil du vera med og utvikla framtidas skule i Klepp?
I Klepp set me barnet i sentrum – alltid!
Me har eit sterkt fokus på samhandling på tvers av fag og organisasjon, og jobbar målretta for å byggja eit heilskapleg lag rundt kvart enkelt barn. Med blikk for alle, og hjarte for kvar enkelt, skaper me trygge og gode oppvekstvilkår.
I Klepp har me alle dei rette barna – no leitar me etter den rette og beste skulesjefen!
Er du klar for å leia med varme, visjon og fagleg tyngt? Då vil me gjerne høyra frå deg.
Me søkjer ein strategisk og engasjert skulesjef som vil leia og vidareutvikla skuleområdet i tett samarbeid med rektorane og leiarteamet for Barn og unge. Klepp har ca. 22 000 innbyggjarar og rundt 2500 elevar i grunnskulen.
Dine viktigaste ansvarsområder
Skulesjefen har ansvar for utvikling og drift av grunnskulane i Klepp kommune, og inngår i leiarteamet til kommunalsjefen saman med oppvekstsjef og barnehagesjef. Saman med rådgivarane i Barn og unge, utgjer leiarteamet eit sterkt fagleg fellesskap med felles ansvar for barn og unge i kommunen der me aktivt arbeidar for å utvikla heilskaplege tenester og ha eit tett samarbeid på tvers av dei ulike tenesteområda.
Skulesjefen har fag-, økonomi-, personal- og resultatansvar for skuleområdet, og skal sikra at kommunalsjef, oppvekstsjef, barnehagesjef og rådgivarar, er godt oppdaterte på utviklinga i skuleområdet. Dette for å sikra gode avgjerdsprosessar på tvers av tenesteområde. Stillinga inneber og ansvar utgreiing og oppfølging av politiske saker.
- Leie og vidareutvikla skuleområdet i tråd med kommunevisjonen, satsingsområda, gjeldande planar og -lovverk
- Sikra god samhandling med rektorane, andre leiarar og tillitsvalde i barn og unge
- Bidra til heilskapleg utvikling av tenesteområdet Barn og unge
- Initiera og leie endringsprosessar med brei involvering
- Sikra god økonomistyring og prioritering innanfor tilgjengelege rammer
- Gi den politiske og administrative leiinga i kommunen gode avgjerdsgrunnlag
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring frå skuleverket, gjerne som rektor
- Godkjent lærarutdanning og relevant vidareutdanning knytt til skuleleiing
- Erfaring med budsjetthandtering og ressursstyring
- God forståing for kommuneøkonomi, særleg innan skule
- Erfaring og resultat frå tverrfagleg samhandling
- Kjennskap til lov- og avtaleverk, kommunal forvaltning og offentleg saksbehandling
- Interesse for teknologi og digitale læringsressursar
Me ser etter deg som:
- Tenkjer strategisk og ser heilskap og samanhengar
- Kommuniserer tydeleg, trygt og profesjonelt
- Byggjer gode relasjonar og skaper tillit
- Jobbar inkluderande, og inviterer til dialog og medverknad
- Er utviklingsorientert, løysingsfokusert og handlekraftig
- Identifiserer deg med kommunevisjonen, Barn og unges strategiar og satsingsområda til skulen: Den engasjerte eleven, Oracy og Profesjonelt læringsfellesskap
Me tilbyr
- Ei spennande nøkkelrolle i kommunen med reell påverknad innanfor tenesteområde Barn og unge
- Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
- Gode forsikrings-og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- 5 dagers leiarfri utover vanleg ferie
- Bedriftskunstforeining
- Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
- Lønn etter avtale
Ta kontakt med kommunalsjef Silje Nygård, mob. 91586326; eller rekrutteringspartnaren vår i BUHR, Silje Bolset, mob. 975 59 049 for å vita meir om stillinga.
Kontaktinformasjon
Silje Bolset, +47 91586326Silje Nygård, 91586326
Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5037343791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Silje Bolset
+47 91586326
Silje Nygård
91586326
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
31f3c4a1-b6a0-4dac-8f96-31a09bd06437
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1d8c2bdc37174b9a92dc428825324484
Lignende annonser
Pedagogisk leder/barnehagelærer
Arbeidsgiver
Sunde og Kvernevikbarnehagene (5), Stavanger kommune
Sted
Hafrsfjord
Arbeidsgiver
Røysekatten barnehage
Sted
Bjerkreim
Arbeidsgiver
Kvitsøy kommune
Sted
Kvitsøy