Overlege - spesialist i ortopedi
Ortopediske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege - spesialist i ortopedi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. juli
Avdeling for ortopedi SNR har ledig fast stilling for overlege spesialist i ortopedi. Arbeidstad for tida ved SNR Hjelset, med enkelte arbeidsdagar ved SNR Kristiansund.
Vi søkjer etter ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi. Tilsetting frå snarast eller etter avtale.
Vi tilbyr eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktlinje.
Ved avdeling for ortopedi har vi 12 overlegar og 8 LIS 2/3 stillingar.
Ved avdelinga foregår det utstrakt ortopedisk kirurgi med traume/bruddkirurgi, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes fot, ryggkrirugi, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd, samt barneortopedi. SNR Hjelset er traumesjukehus.
Vi har òg ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma.
Vidare kan vi tilby: Multidisiplinær behandling, skadepoliklinikk, ortopedisk poliklinikk og osteoporosepoliklinikk med «Capture the fracture» silver star rangering. Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid. AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi. Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien. Subspesialitetar innanfor hofte- og kneprotese, inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri , traumekirurgi, komplekse leddnære fracturer, osteoporose etc.
Avdeling for ortopediske legar SNR er utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet.
Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonen vår.
Vi har eigen ortopedisk forskingsseksjon med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjekt, samt grunnforskings-prosjekt. Seksjonen produserer ei rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrift årleg. Vi har flerie PhD`ar i avdelinga og har såleis rettleiarkompetanse både for doktorgrad- og mastergradsprosjekt. Det vert drive forsking på PhD nivå i betydeleg omfang.
Utdanning og fagutvikling står høgt i fokus hos oss og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltaking vert prioritert.
Arbeidsoppgåver
- Vaktarbeid
- Operasjon, dagkirurgi og elektive operasjonar
- Poliklinikk
- Visitt
- Retteliing og utdanning av seksjonen sine LIS3
Kvalifikasjonar
- Dokumentert norsk autorisasjon og spesialist i ortopedisk kirurgi
- Søknader frå kandidatar mot slutten av utdanningsløpet vil bli vurdert
- Beherske eit skandinavisk språk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du liker varierte utfordringar
- Du har interesse for ortopedi og forsking
- Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
- Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
- Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
- Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
- Du har evne til å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)
- Personleg eignatheit, samt arbeidskapasitet og motivasjon vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kirsti Sevaldsen, Seksjonsleder, Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.noMarianne Folkestad, Konstituert seksjonsleder, +47 95487077
Arbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4966496484
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Marianne Folkestad
Konstituert seksjonsleder
+47 95487077
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
70db2b01-d298-4316-b6a9-af51050cdb87
- Hentet fra
talentech
- Referanse
76147b7c4b2c4e30bb1a27bfe9b7059b