Sjukepleiar Eidet Omsorgssenter
Haram omsorgstenester
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar Eidet Omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Haram kommune søker etter sjukepleiar i 80% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga er for tida i turnus med arbeid på dag/kveld og 3. kvar helg.
Eidet Omsorgssenter har innført arbeidsmetoden sjukepleiar i stab. Dette er eit samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret. Vi er open for nye arbeidsmetoder og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne lokale. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgsteneste og Haram buteneste. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver.
- Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar på langtidsavdeling og korttidsavdeling.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
- Eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
- Arbeidsmetoden sjukepleiar i stab.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Gode turnustekniske løysingar.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar , 91004986, maria.nordbo.solevag@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Trolldalssletta 126264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5031291983
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
70d4ed09-ebe3-457a-a54a-a7133862d926
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3633bfac5cd949cbafd595c3bd3535ae
Lignende annonser
Kreftsjukepleiar
Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Fagarbeidar Indre Haram heimeteneste
Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Sted
Tennfjord
Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven