Sjukepleiar
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Brattvåggata 20, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Kreftsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vi søkjer etter ein sjukepleiar i 100% stilling, for tida til heimetenesta i Ytre Haram, som er lokalisert i Brattvåg. Stillinga er i turnus, med for tida arbeid på dag/kveld og kvar tredje helg. I Ytre Haram heimeteneste arbeider vi etter metoden sjukepleiar i stab.
Vi ser etter ein person som kan utøve kreftsjukepleie og omsorg for heimebuande pasientar og deira pårørande. Det kan vere aktuelt med eit samarbeid med andre heimetenestedistrikt for å nytte denne kompetansen best mogleg i heile Haram kommune.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistring av oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver i avdelinga.
- Pleie og omsorg til brukarar.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
- Bidra til eit godt samarbeid med brukar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
- Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
- Du har gode evner til å ta ansvar i arbeidsoppgåver og i oppfølging av pasientar.
- Du har godt humør og ei positiv framtoning.
- Du er lojal mot arbeidsplass og kollegaer, og har eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme.
- Du ønskjer å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får rett tilbod på rett plass.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med base i Brattvåg.
- Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
- Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5031239729
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1e5188bc-ce72-4464-8191-917883638376
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
764fa6fcbae948fbba34b503a947f23c
Lignende annonser
Sjukepleiar - Nordøyane heimeteneste
Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester
Sted
Longva
Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester
Sted
Tennfjord
Helsefagarbeidar Ytre Haram heimeteneste
Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester
Sted
Brattvåg