Hopp til innhold

Miljøterapeut

Arbeidsgiver

Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Sted

Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut, 40% fast
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som tildømes utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. Me er lokalisert i eit bygg med 5 bustader og to avlastningsbustader knytt til personalbasen. Me gir og tenester til andre personar som bur i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år. Tenesta har ca. 25 årsverk fordelt på vernepleiarar, sjukepleiar, pedagog, bachelor i sosiologi og fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på å gje brukarane våre god kvalitet på dei tenestene me leverar.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid
  • Variert arbeid, med vekt på individuelt tilpassa tenester
  • Samarbeid med pårørande
  • Journalføring

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med Bachelor i vernepleie eller sjukepleie
  • Søkjerar med anna helse eller sosialfaglege bachelor kan søkje
  • Ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid

Eigenskapar

  • Skapa god relasjon med andre mennesker
  • Fleksibel og har god arbeidskapasitet
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr

Me har 40% ledig miljøterapeut ressurs i turnus med lange vakter kvar 4. helg på 12,5 time.

  • Ein aktiv og variert arbeidskvardag
  • Pensjonsopptjening i KLP

Annan informasjon

Må ha førerkort kl B. Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest før oppstart.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Lunde Sørheim

+47 92646673 +47 92646673

elisabeth.lunde.sorheim@etne.kommune.no

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

70c1cc1e-6e9d-44ae-ac94-fa91450eee4e

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3619575_214835_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser