Er du matvert, eller kokk, og vil jobbe på sjukehus?
Matforsyning avdeling - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matvert
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Vi ser etter deg som vil vere med og skape gode måltidsopplevingar for pasientar ved Haugesund sjukehus.
Som matvert spelar du ei viktig rolle i kvardagen til pasientane våre – med mat, omsorg og service i fokus. Stillinga er til dagleg lokalisert for arbeid i pasientkantinene for både dei somatiske og dei psykiatriske sengepostane – eller på produksjonskjøkkenet vårt. Du vil bli del av eit fagleg godt og triveleg team som kvar dag lagar og serverer mat som gir både energi og omsorg.
Vi jobbar kvar dag for å levere rett mat, til rett tid – med kvalitet og omsorg som felles mål.
👉 Høyres dette ut som noko for deg? Då må du søkje no!
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgavene er blant anna:
- Å servere og tilrettelegge måltid frå pasientkantinene ved både somatiske og psykiatriske sengepostar.
- Bidra til produksjon, logistikk, rydding og oppvask
- Du bruker dagleg våre digitale system for mattryggleik og kvalitet (IK-Mat og HACCP)
- Kontakt med pasientar der vi møter daglege, lærerike utfordringar knytt til ernæring og kosthald.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- For alle som vert tilsette, er dokumentert allsidig matfagleg og relevant erfaring frå institusjonskjøkken, og spesielt frå sjukehus, å føretrekkja.
- Grunnleggande IKT-kompetanse og erfaring i bruk av elektroniske hjelpemiddel, er nødvendig i jobben på sjukehuset.
- Det krevs gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg, slik at ein kan lesa, forstå, skriva og snakka norsk språk, utan problem.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunna dokumentera bestått eksamen, frå minimum trinn B1 munnleg, og skriftleg norsk.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Er fagleg flink og interessert i å utvikle gode tilbud av rett kvalitet for pasientane.
- Har interesse for ernæring og ønsker å bidra til gode kosttilbod for pasientane våre.
- Er ansvarsbevisst og sjølvstendig, men òg ein god lagspelar.
- Tåler høgt tempo – og møter utfordringar med eit smil.
- Er strukturert og har sans for gode system og effektiv logistikk.
Kvifor skal du velje oss?
- Du blir del av eit miljø med god fagkompetanse, trivsel og engasjement.
- Du får opplæring, støtte og moglegheit for å utvikle deg vidare.
- Du får jobbe i ei avdeling med fokus på HMS, kvalitet og framtidsretta drift.
- Hos oss får du vere med på å løyse framtidas utfordringar innan matforsyninga.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjarar gjere krav om dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Andreas Johansson, Funksjonsleiar, 96847985Bjarte Halleraker, Avdelingsleiar, 95180683
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4969621595
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Andreas Johansson
Funksjonsleiar
96847985
Bjarte Halleraker
Avdelingsleiar
95180683
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942399
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3d0bbace885449f0b0ded47c7dd1bc8a