Hopp til innhold

Sauland skule søker etter ny lærar

Arbeidsgiver

Hjartdal kommune Sauland skule

Sted

Saulandsvegen 543, 3692 Sauland

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Vi har ledig lærarstilling, med høve for fast tilsetjing.   

Elevane på skulen skildrar deg slik:
“Du er snill og morosam! Du lyttar til forslaga våre og på kva vi har å seie. Det gjer oss trygge. Er du kreativ og tek med praktiske oppgåver i undervisinga, blir vi kjempeglade!”

 

Dette tilbyr vi deg:

Gode folk rundt deg.
Som lærar er du ein superhelt! Glade barn og engasjerte kollegaer møter du kvar dag på jobb som lærar hos oss.

Du får rom for sjølvstende og kreative løysningar.
Du får planlegge og gjennomføre opplæring og evaluere undervising. Vårt mål er å leggje til rette for inkluderande undervising for alle elevane.

Og hugs! Kollegaene dine er gode samarbeidspartnarar. Ver derfor ikkje redd for å huke tak i ein kollega for litt sparring.

Du får jobbe på ein ny og moderne skule.
Legg noko av undervisinga til vårt flotte skulebibliotek. Dette er ein møteplass der elevane får inspirasjon og lyst til å lære!

Skulen er «dysleksivenleg skule». 

 

Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?
På skulen jobbar du, kollegaene dine og elevane med:

-          MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at  ein ikkje alltid er bra.

-          MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.

-          MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.

 

Vi har ein fin visjon for oppvekst i vår kommune. «Vi trivast, lærer og har MOT til å gå saman.»

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein lærar som er varm, tydeleg og relasjonssterk, og som skapar eit inkluderande og trygt læringsmiljø. Du må vere fleksibel, samarbeidsorientert og bidra positivt i eit lite, profesjonelt fellesskap. Vi ser etter deg som kommuniserer godt, tek ansvar, arbeider sjølvstendig og viser engasjement for fagleg utvikling. Kjennskap til og interesse for lokal kultur og nærmiljø er ein fordel.

 

Vi trur dette er deg:

Vi trur du er eit varmt menneske
Du legg inn ein innsats for å skape ein god relasjon til elevar, føresette og kollegaer.

Du har eit sterkt engasjement og ambisjonar for elevane.
Som ein trygg og tydeleg klasseleiar hjelper du elevane til sosial og fagleg utvikling. Du strebar etter at elevane skal oppleve tryggleik, trivsel og meistring.

Du trivast i eit aktivt miljø.
På skulen kan det bli litt armar og bein. Vi lovar deg mange smil og latter!

Du er fleksibel.
Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse undervising for alle elevar. 

 Dine kvalifikasjonar
  • Godkjent lærarutdanning/pedagogisk utdanning for arbeid i skulen, gjerne med god fagkunnskap i norsk, matematikk eller engelsk.
  • Det er ein forutsetning med god IKT-kompetanse og erfaring i bruk av læringsbrett og læringsappar i det pedagogiske arbeidet.
  • Vi søkjer etter ein medarbeidar med solide fagkunnskapar i spansk eller tysk.
  • God skriftleg og munnleg kompetanse.

 

Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over:
  • Prøvetida di er på 6 månadar. Du blir godt kjent med oss, og vi blir godt kjent med deg!
  • Du får gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Du blir tilsett basert på gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. 
  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! 
     Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar. 
  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.

 

Så kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

No manglar det berre å sende ein søknad og CV. Den sendast elektronisk.

Søknadsfrist:

Har du nokre spørsmål? Vi svarar deg gjerne på det du lurar på!

Kontakt rektor, Anne Gro Solli, på tlf. 414 42 688.
e-post: anne.gro.solli@hjartdal.kommune.no  

 

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Gro Solli

+47 41442688 +47 41442688

anne.gro.solli@hjartdal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

704835dd-b6ef-4049-a08e-f570eabd891b

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3597563_231637_nn

Lignende annonser

Sommarvikarar i Helse & omsorg

Arbeidsgiver

Hjartdal kommune Hjartdal omsorgssenter

Sted

Sauland

Sommarvikarar i Helse & omsorg

Arbeidsgiver

Hjartdal kommune Heimetenesta

Sted

Sauland