Hopp til innhold

Seksjonssjef HR

Arbeidsgiver

Regionskontor Region Vest, Bufetat

Sted

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonssjef HR
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Seksjon HR er ein del av regiondirektøren sin stab og stillinga som seksjonssjef rapporterer til avdelingsdirektør for stab. HR-seksjonen er ein av fire stabsseksjonar, og saman med dei tre andre seksjonssjefane sit du i avdelingsdirektøren si leiargruppe. Seksjonen består av 8 medarbeidarar med ulik kompetanse- og erfaringsbakgrunn, som arbeider bredt med alle delene i HR-portefølja. Det er også utstrakt samarbeid med andre regionar og direktoratet. Vi strekk oss langt for å gje viktig og riktig støtte til leiarane i regionen og er ein entusiastisk og sammensveisa gjeng som set stor pris på å bidra i etaten sitt samfunnsoppdrag. Seksjonen set mangfald høgt og ynskjer kollegaer med ulike kompetansar, livserfaringer og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløsing. 

Stillinga er plassert i Bergen. Det må påreknas noko reiseverksemd.

 


Arbeidsoppgåver

HR-sjefen har mange spennande oppgåver og har dagleg leiaransvar for seksjon HR. Seksjonssjefen har også det administrative ansvaret for regionen sitt hovudverneombud og regionstillitsvalde. Seksjon HR har delegert fullmakt til å gjennomføre lønsforhandlingar og fastsette løn. Seksjonssjefen sit i fleire råd og utval, blant anna regionen sitt ansettelsesråd. Gjennom arbeidet vil du bli godt kjent med heile organisasjonen og opparbeide deg eit stort nettverk.  

Seksjonen sitt HR-oppdrag omfatter blant anna:  

  • strategisk utvikling av HR-området i regionen.  
  • strategisk og operativ kompetanseutvikling.
  • leiarutvikling.
  • organisasjonsutvikling.  
  • rekruttering. 
  • HMS- og IA-arbeid.  
  • leiarstøtte innan lov- og avtaleverk.  
  • forvaltning av regionen sine samarbeids- og medverknads-strukturar.   
  • lønsforhandlingar.  

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning på masternivå.
  • Du har jobba med strategisk utvikling av HR.  
  • Du har relevant leiarerfaring, gjerne innan HR.
  • Du har god kjennskap til lov- og avtaleverk i offentleg sektor, og dersom du har formell arbeidsrettsleg kompetanse, er det ei føremon. 
  • Du har erfaring med å jobbe i ei stor verksemd og du har god kjennskap til arbeidsgjevarrolla i offentleg sektor. 
  • Du har helst erfaring med lønsforhandlingar og du har god kjennskap til for Hovedavtala i staten.
  • Du behersker norsk særs godt, både skriftleg og munnleg. 
  • Du har god digital kompetanse; herunder bruk av standard Office365 program, og du har interesse for å lære deg etaten sine fagsystem.  

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som trives med å leie ein seksjon med høgt kompetente medarbeidarar og med forventning om å levere solid HR-støtte til leiarane våre.   

  • Du er ein trygg og tydeleg leiar som evner å prioritere og delegere, samtidig som du er engasjert og motiverande og har eit hjarta for HR som fagområde.  
  • Du kan utfordre og tenke nytt, er pragmatisk og tek eigne avgjerder, og forstår HR si rolle i å rettleie og spele andre gode.  
  • Du er genuint opptatt av å legge til rette for mangfald.

Vi tilbyr

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1211, med p.t. kr 920 000 - 1 010 000 pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast 

Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.

  • Stillinga er for tida lagt til Regionkontoret, seksjon HR.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 

Kontaktinformasjon

Sigrid Ellen Loxley Helleland, Stabsdirektør, 466 18 947

Arbeidssted

Solheimsgaten 11
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 5089029877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sigrid Ellen Loxley Helleland

Stabsdirektør

466 18 947

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

702705ea-e359-4962-af3f-abcb4f10cb31

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

494ec617b0634eafb3407b4d313388d6

Lignende annonser

Laster lignende annonser