Professor II/Førsteamanuensis II (20 % ekstraerverv) i medisin
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Professor II/Førsteamanuensis II (20 % ekstraerverv) i medisin
Type ansettelse
Åremål, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. august
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAProfessor II/Førsteamanuensis II (20 % ekstraerverv)
Det medisinske fakultet har ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis II (20 %, ekstraerverv «bistilling») i medisin, tilknyttet forskerlinje, i 6 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Haukeland Univeristetsssykehus. Arbeidsstad er Det medisinske fakultet.
Ansvarsområdet er forskarlinje, eit spesialtilbud for medisin- og odontologistudenter som har interesse for forsking og framtidig karriere som forskarar. Etter finansiering av Norges forskningsrådet, tas det årlig opp 17 studenter (15 medisin; 2 odontologi), som får ein organisert forskaropplæring, i tillegg til å utføra eige forskingsprosjekt, som skal ende med en forskingsartikkel. Fakultetet lyser ut Ph.d stillinger øyremerkt forskarlinjestudentar, slik at forskingsartikkelen og opplæringa representerer ein start på en ph.d grad.
Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for fakultetet.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
- Ansvar for å styrkja og videreutvikla forskarlinjetilbodet i nært samarbeid med leiar for forskarlinja.
- Vidareutvikle og gjennomføra FLART-kurset én gang per år,
- Bidra til planlegging og gjennomføring av opptaksintervju for nye forskarlinjestudentar
- Vere med å arrangere og leia rekrutteringsmøte, oppstartsmøte og protokollseminar
- Delta i planlegging og gjennomføring av midtveisevalueringer i samarbeid med forskarlinjeleiar
- Representera forskarlinja ved nasjonale og lokale forskarlinjeseminar
- Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til forskerlinje, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
- Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, evne til å bidra konstruktivt og pålitelig i samarbeid, fleksibilitet i tilgjengelighet, tydelig kommunikasjon, vise vilje og evne til å være en god rollemodell for yngre forskere
- Delta aktivt i fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har medisinske embetseksamen (cand.med.) og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse.
- Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid,
- Har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga.
- Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar.
- Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon.
- Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor, medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
- Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Lønn for professor er for tida kr. 970 000 (kode 1013), løn for spesialist kr 990 000.
Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Løn for førsteamanuensis er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000.
Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordninger
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- utfyllande CV, vitnemål og attestar
- fullstendig publikasjonsliste
- pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
- ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Martha Enger (martha.enger@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
Silje Skrede
professor/påtroppende prodekan for forskning, forskerutdanning og innovasjon
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7022df64-3f1a-413f-a3f6-ae313174926d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10257328