Sjukepleiar
Voss herad Heimeteneste sone vest
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar med moglegheiter for langvakter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Område vest er lokalisert ved Voss sjukeheim, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon.
Område vest består av ei langtidsavdeling, korttidsavdeling og heimeteneste. Lysinga gjeld for heimetenesta.
Me jobbar for tida etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Me har eit sterkt aukande fokus på mestringsteknologi.
Me tilbyr:- 100% stilling, eller stillingsprosent etter ynskje
- Rekrutteringstillegg på kr. 20-25.000 for 100% fast stilling som sjukepleiar
- Eingongsutbetaling på kr. 50.000 i 100% stilling for eksterne søkjarar, vilkår er at du står i stillinga i 2 år
- Tilrettelagt turnus
- Som sjukepleiar hjå oss har du ansvar på dag, kveld og natt
- Pleie og omsorg til våre brukarar/pasientar
- Varierte sjukepleiarfaglege oppgåver
- Tett samarbeid med fastlege/sjukeheimslege/legevakt
- Medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem
- Utføre tenester etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regelverk
- Rettleiingsansvar for kollegaer, lærlingar, elevar og studentar
- Pådrivar for kompetanseheving og deltar aktivt i internundervisingsopplegg
- Endringsarbeid for å utvikle og forbetre tenestene våre. Herunder vedtakspraksis
- Arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen
- Arbeid med velferdsteknologi
- Ein god engasjert sjukepleiarkollega til å jobbe ilag med eit fagleg dyktig og godt arbeidsteam
- Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Du må vera fleksibel, villig til å ta ansvar, kunne delegere og administrere oppgåver og bidra til eit positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i eininga
- Du er fagleg dyktig og gjerne med relevant vidareutdanning
- Du trivst med å arbeida både på eigehand og i team
- Du har «stå på vilje», engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre
- Som sjukepleiar hjå oss jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar heilhetlig og kvalitetssikra tenester i alle ledd
- Det er krav om politiattest ved tilsetjing
- Personlege eigenskapar som nemn over vert vektlagt
- Tilsetjing kan skje fortløpande
Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat!
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774489
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3419595_213117_nn