Miljøterapeut
Ringstad skule
Bygdavegen, 6200 Stranda
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut - 100% og 70% fast
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Ringstad skule med omlag 235 elevar og 50 tilsette ligg i kommunesenteret Stranda og er ein 1. - 7. skule med to parallellar og SFO for 1. - 4. trinn.
Vi har ledig:
- 100% fast stilling som miljøterapeut frå 01.08.2023
- 70% fast stilling som miljøterapeut frå 01.08.2023
Det må gå klart fram av søknaden kva stilling ein søkjer på..
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Arbeidsoppgåver
- Opplegg for enkeltelevar med særskilde behov og samansette vanskar
- I samarbeid med kontaktlærar får miljøterapeut medansvar for eleven/elevane sitt opplæringstilbod etter opplæringslova
- Miljøterapeuten deltek i tilsyn og omsorgsarbeid for eleven
- Samarbeide med kontaktlærar og føresette, samt andre instansar rundt eleven
- Arbeide i SFO
- Ansvar for leikepatrulje
- Gi rettleiing til dei andre yrkesgruppene på skule og SFO
- Evaluering og rapportskriving
- Delta på kurs etter skulen sine behov og ynskje
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå arbeid med barn som har særskilde behov
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
- Evne til å tenkje kreativt og skape ein god opplæringsarena, både i og utanfor klasserommet
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elev, heim og tilsette
- Gode evner til relasjonsbygging
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Menn vert oppmoda om å søkje
Vi tilbyr
- Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
- Samarbeid i team
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Agnes Caroline Havnen, Einingsleiar, 46411006, agnha01@stranda.kommune.noArbeidsstad
Bygdavegen6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4640655792
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 17.04.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2296995
- Hentet fra
talentech
- Referanse
84cff39d936641e7b38510c3f2107454