Leiar skoleskyss
Skyss
Lars Hilles gate, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. desember
Vil du arbeide med skoleskyss til elevar i Vestland? Skyss arbeider for eit best mogleg kollektivtilbod i fylket. Vi utviklar, planlegg og marknadsfører kollektivtransporttenester for buss, bybane, båt og ferje. Vi sørger også for transport til rundt 27 000 elevar i Vestland som av ulike grunnar har rett på fri skoleskyss. Arbeidet vårt påverkar kvardagen til mange menneske, og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi ein ny leiar med på laget!
Vi skal rekruttere ein leiar for arbeidet med skoleskyssen. I arbeidet inngår vurderingar av kven som har rett til fri skoleskyss og å sørge for transporten. Vi har mykje kontakt med kommunar, skolar, transportselskap, foreldre og elevar, og vi vil heile tida utvikle og forbetre tenestene våre. Vi treng ein leiar som kan styrke og bidra til utvikling av arbeidet vårt med skoleskyssen.
Arbeidsoppgåver
Som faggruppeleiar er hovudansvaret ditt å leie faggruppa, gjennom dagleg drift/forvaltning, å planlegge aktivitetar og følge opp leveransar og tidsfristar, og å drive systematisk utviklings- og forbetringsarbeid på faggruppa sitt ansvarsområde.
Arbeidet med skoleskyss følger eit årshjul med ulike oppgåver knytt til skoleåret. Viktige oppgåver for faggruppa er:
- Handsaming av søknader om skoleskyss (vedtak etter forvaltningslova) og klager
- Dialog med skolane om transporttilbodet, retningslinjer og fristar
- Dialog med kommunane
- Førstelinjekontakt med brukarar (skolar, foreldre, elevar)
- Utarbeiding av bestillingar til transportselskap
- Oppfølging av kontraktar med transportselskap og leveransane deira
Forbetring og utvikling av tenester, arbeidsprosessar og system er ei sentral oppgåve framover. Det er også behov for gode prosessar for å halde kostnadsveksten på området nede. Leiaren for faggruppa vil ha personalansvar for medarbeidarane i gruppa og skal bidra til godt samarbeid med andre fagmiljø i organisasjonen.
Gjennom faggruppa skal du bidra til å realisere samfunnsoppdraget til Skyss, med utgangspunkt i vedtatt strategi, budsjett og planar.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde, til dømes juss eller økonomi
- God formidlingsevne, skriftleg og muntleg
- Relevant leiarerfaring er ønskeleg
- Kunnskap om regelverk og retningslinjer innan skoleskyss er ein fordel
- Erfaring innan kollektivtransport eller andre transport- og logistikkområde er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er- strukturert og systematisk
- samarbeider, deler kunnskap og involverer
- er open, fleksibel og engasjert
- har fokus på kvalitet og forbetring av arbeidsprosessar, rutinar og liknande
- har pågangsmot i møte med krevjande situasjonar.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- fleksibel arbeidstidsordning
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- arbeidsstad i Bergen.
Andre opplysningar:
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@skyss.noArbeidsstad
Lars Hilles gateBergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5049005097
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6f9e1f25-5d42-4b1e-b195-77cc7c761af3
- Sist endret
9. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b21a56b4c3a4eeaa0bb3cc2d5b0c77f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Enhet for privatinitierte bogrupper og hjemmeteam, Bergen kommune
Sted
Sandsli
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune
Sted
Fyllingsdalen
Arbeidsgiver
INV - Vegbygging bergensområdet, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen