Hopp til innhold

Sjukepleiar i team  

Arbeidsgiver

Seljetunet og Heimetenesta Stadlandet og Selje

Sted

6740 Selje

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ledig stilling som sjukepleiar i Selje og på Stadlandet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Vil du vere med og forme framtidas helsetenester ? Vi søkjer etter akkurat deg!

Vi har ledig ei fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå august. Ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

I område Selje/Stadlandet har vi slått saman sjukepleiarkreftene våre. Her jobbar vi side om side i heimetenesta og på institusjon som eit team,  for å gje best mogleg omsorg til dei vi er her for. 

Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like.

Kvifor velje oss?
Du får mulighet til å oppleve kor verdifullt det er å jobbe på tvers av heimebasert omsorg og institusjon. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samstundes som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap og institusjon. Du får være sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar. 

Hos oss får du brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse brukast på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne. 

Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette.

Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.

Du får rekrutteringstillegg på kr 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4, Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng  for relevante studiar/vidareutdanningar

“Eitt team. Eitt mål. Best mogleg omsorg – saman med deg!”

Bli med i vårt tverrfaglege team i heimetenesta og på Seljetunet! Her kombinerer vi styrkane våre på tvers for å gje best mogleg omsorg – både heime hjå tenestemottakarane og på institusjon.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Kartlegging og vurdering av behov hjå tenestemottakarane
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med sakshandsamarteam
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du har lyst til å vere med å utvikle framtidas heime- og institusjonsteneste
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du trivast med både å arbeide sjølvstendig og saman med andre

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar.

Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Rekrutteringstillegg på kr 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4
  • Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng  for relevante studiar/vidareutdanningar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet til å planlegge arbeidstid
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan mot ekstra kompensasjon
  • Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
  • Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent

Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden. 

Stad kommune har seks månader prøvetid. Poltiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Stine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige, Avdelingsleiar, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5123894449
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.05.2026

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6f3faa9d-96a6-43e5-b4a3-b6843dcf5f4b

Sist endret

18. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a2e128b2ebbe4845888d2c186e7909e2

Lignende annonser

Laster lignende annonser