Elkraftingeniør
Statens vegvesen
Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Elkraftingeniør Ålesund
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av store vegprosjekt. Fagressurs Teknisk Utbygging prosjekterer og følgjer opp bygging av elektro- og automasjonsanlegg i heile landet. Vi søkjer dedikerte fagfolk som ønskjer å bidra til samfunnsutvikling gjennom trygge, effektive og berekraftige transportløysingar. Vårt mangfaldige fagmiljø vektlegg samarbeid og kompetansedeling for å finne dei beste løysingane. Vi inviterer deg til å vere ein nøkkelperson i våre utbyggingsprosjekt, der din unike kompetanse og personlege engasjement kan gjere ein reell forskjell. Vi søkjer fagressursar som kan bidra i prosjekt over heile Noreg og til prosjekt lokalisert i Ålesund.
Stillingane er tilknytt eininga Teknisk utbygging på avdeling Fagressurs. Vi har behov for ein elektro- og automasjonsingeniør som kan bidra til oppfølging av prosjektering og utføring. Den ideelle kandidaten vil trivast med å jobbe sjølvstendig, ha evna til å styre eigen kvardag og vere dedikert til å optimalisere kostnadseffektive og miljøretta løysingar.
Arbeidsstad er Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- Stillingane inneber å prosjektere og følgje opp utføringa av elektro- og automasjonsanlegg.
- Bidra til å engasjere og styre konsulentoppdrag for fagområdet.
- Statens vegvesen skal vere innovativ og ta i bruk ny teknologi. Det blir satsa mykje på digitalisering og modellbasert planlegging.
- Det blir gitt gode moglegheiter for å påverke val av løysingar i samarbeid med dyktige kollegaer og prosjektleiarar.
Kompetansekrav
- Minimum 3 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan elektro og automasjon, eventuelt fullført teknisk fagskule.
- Erfaring med planlegging, detaljprosjektering og kontroll av elektro- eller automasjonsanlegg, helst innan samferdselsprosjekt.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Vi ser etter lagspelarar som tek initiativ til løysingar gjennom godt samarbeid og god kommunikasjon. Evna til strukturert og sjølvstendig arbeid med digitale verktøy er viktig. Du må handtere fleire oppgåver samtidig, vektleggje gjennomføring og kvalitet, sjølv under tidspress. Bidrag til eit godt arbeidsmiljø og evna til å byggje relasjonar nasjonalt vil bli vektlagt.
Det er en fordel om du har
- Erfaring innan planlegging/prosjektering av elektro- og/eller automasjonsløysingar for veg- og tunnelanlegg.
- Interesse for ny teknologi, gjerne erfaring frå bruk av BIM/3D-modellering.
- Fagbrev elektro eller automasjon.
- Kompetanse innan bygging av veg og tunnel.
Om du har omfattande og relevant erfaring, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekkVi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Ønskjer du å vite meir om prosjekta og det ledige arbeidsområdet, kan du kontakte seksjonsleiar Jan Børge Thorsen på mobil 918 77 804.
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6f1e63f1-9e10-44c3-945e-b602a2f73cef
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10252114