Barnehagelærarar
Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
Antall stillinger
10
Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr. I Sogndal kommune er det totalt 16 barnehagar, der 12 av barnehagane er kommunale barnehagar. Sogndal kommune har tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, der me mellom anna er praksisbarnehagar for barnehagelærarstudentar.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen:
Samskapande – Open – God - Nysgjerrig
Det er ledige stillingar som barnehagelærarar i desse barnehagane i Sogndal kommune:
Furuli Barnehage:
100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.04.2023.
Kvernhushaugen barnehage:
100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23-10.05.24.
Kjørnes barnehage:
60% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.23.
100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23 - 31.07.24.
Kyrkjebakken barnehage:
100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23 - 31.07.24.
Fosshagen barnehage:
100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.23.
100% vikariat som barnehagelærar frå 01.08.23 - 31.07.24.
Ylvisåker barnehage / Norane oppvekstsenter:
2 x 100% faste stillingar som barnehagelærar frå 01.08.23.
Nybø barnehage:
100 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.23.
Nokre av stillingane som barnehagelærarar vil og ha funksjon som pedagogisk leiar for avdeling i barnehagen
Arbeidsoppgåver:
sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen
bidra til eit godt samarbeid med føresette
ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar
Kvalifikasjonar:
godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
gjerne erfaring frå barnehage
ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing i nokon av stillingane
gjerne arbeidserfaring frå barnehage
beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar:
positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette
likar å arbeida i lag med andre
taklar høgt tempo i kvardagen
fyrstehjelpskompetanse
godt humør
Me tilbyr:
ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
gode pensjons- og forsikringsordningar
gode velferdsordningar
Arbeidsstad:
I søknaden din må du rangere kva stilling du søkjer på i prioritert rekkefølge.
Kontaktinformasjon for stillingane er:
- Furuli barnehage: Heidi Solvoll Navarsete, heidi.solvoll.navarsete@sogndal.kommune.no – tlf 95152106
-Kvernhushaugen barnehage: Merete Lefdal; merete.lefdal@sogndal.kommune.no – tlf 47010283
-Kjørnes barnehage: Mette Johannesen; mette.johannesen@sogndal.kommune.no – tlf 90637718
-Fosshagen barnehage: Heidi Austrheim: heidi.austrheim@sogndal.kommune.no -tlf 95781494
-Ylvisåker barnehage: Anne Siri Bentsen; anne.siri.bentsen@sogndal.kommune.no – tlf 41693310
-Nybø barnehage: Ingebjørg Breisnes: ingebjorg.breisnes@sogndal.kommune.no – tlf 91790652
Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne hovudutlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vår/sommar. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Melegg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2286923
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3135745_200257_nn