Rettleiar
Nav Vaksdal
Konsul Jebseng. 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar Nav Vaksdal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Ynskjer du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem i arbeid? Trur du på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, har ein plass i arbeidslivet?
Nav sitt mål er at flest mogleg skal vera i løna arbeid eller annan aktivitet, og at færre skal vera avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vera i arbeid, delta i samfunnet og vera sikra inntekt.
Ynskjer du å vera ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for menneske kvar einaste dag?
Nav Vaksdal har ledig fast stilling som rettleiar for vaksne med nedsett arbeidsevne. Me er eit lite nav-kontor med 7 tilsette, der alle samarbeider om å løyse kontoret sine oppgåver til beste for innbyggjarane i kommunen. Me kan love deg ein interessant og variert arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
Som rettleiar hjå oss vil du:
- kartlegge og motivere brukarar som treng oppfølging og støtte frå Nav for å komma i arbeid
- følge opp og rettleie gjennom samtalar og samarbeidsmøte
- sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
- ha tett dialog med arbeidsgjevarar, helsepersonell, tiltaksverksemder og andre samarbeidspartnarar
- bidra til sosial og økonomisk tryggleik for innbyggjarane i Vaksdal kommune, og fremje overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet
Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning minimum bachelor, gjerne innan sosiale eller juridiske fag. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- rettleiings- og inkluderingskompetanse og/eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Vaksdal kommune har nynorsk som målform
- førarkort kl B
De er fint om du og har:
- kunnskap om og interesse for arbeidsmarknad og opplæringsmoglegheiter i og rundt Vaksdal kommune
- kjennskap til rettleiing om privatøkonomi
- interesse for barn og unge sine levekår
Personlege eigenskapar
Me håpar å finne deg som:
- er trygg i møte med menneske i ein vanskeleg livssituasjon, og som likar å snakke med folk
- likar å bygge relasjonar, både i møte med brukarar, samarbeidspartar og kollegaer
- er sjølvstendig og robust, og tåler at oppgåver og rutiner endrar seg fort
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Statleg tilsetjing i stillingskode 1434 Rådgiver med lønnsspenn frå kr. 570.000 til kr. 630.000. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Hanne Lunde, Avdelingsleiar, 959 78 584Arbeidsstad
Konsul Jebseng. 165722 Dale
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4964395949
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Hanne Lunde
Avdelingsleiar
959 78 584
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936948
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e8dbbaca9c24ef3837d4e22144f669c