Er du stødig i lønn og klar for nye farvatn?
Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Lønnsmedarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Har du erfaring med lønn og ønskjer nye utfordringar i eit framtidsretta selskap?
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelige! Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi fram med å leie an i den maritime næringa.
Men vi veit at det som får ferjene våre til å gå, er menneska bak - både på sjøen og på land. Derfor ser vi no etter vår nye lønnsmedarbeidar som får ei viktig rolle i å sikre at alle tilsette - frå maskinrom til kontor - får rett løn til rett tid. Du blir ein del av eit fagleg sterkt team der vi delar kunnskap, støttar kvarandre og spelar kvarandre gode. Hos oss finn du eit arbeidsmiljø prega av høg trivsel, stor takhøgde og ekte kollegialt felleskap - der det er like naturleg å be om hjelp som å tilby det.
Arbeidsoppgåver
Som lønnsmedarbeidar hos oss får du ei sentral rolle med ansvar for å sikre at lønnsprosessane våre er korrekte og effektive. Du samarbeider tett med HR og drift, og jobbar både operativt og med kontinuerleg forbetring av lønnssystem og rutinar.
Hovedoppgåver:
- Registrering og kontroll av fast og variabel lønn
- Kontroll og behandling av reiserekningar, fråvær, merarbeid og timelister
- Innsending av A-meldingar og inntektsmeldingar
- Rapportering til pensjon og offentlege myndigheiter
- Oppfølging av lønnsoppgjer og oppdatering av fastlønnstabellar
- Avstemming, rapportering og støtte til andre i organisasjonen
Kven ser vi etter?
For å trivast og lukkast i denne rolla er det viktig at du har ein systematisk og nøyaktig tilnærming til arbeidet ditt, men samstundes evnar å samarbeide godt med andre og bidra til fellesskapet. Du har eit blikk for detaljar, men ser også verdien av heilskap og samanhengar i organisasjonen. Vi ser etter deg som er lærevillig, strukturert og løysingsorientert – ein som trivst med ansvar og som finn glede i å sikre kvalitet i kvar einaste prosess.
For å lukkast i rolla trur vi at du har:
- Utdanning innan økonomiske fag
- Erfaring med lønnsarbeid
- Kjennskap til lønnssystem som Unit4 BW (Agresso)
- God rekneskapsforståing og evne til å setje deg raskt inn i regelverk
- Gode munnlege og skriftlege språkkunnskapar på skandinavisk
Eit mannskap for alle
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Dette kan vi tilby deg
Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.
Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Klar for å komme om bord? Vi tek gjerne ein uformell prat
Du treng ikkje ha alt på plass for å ta kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg uansett. Send inn ein søknad, eller slå på tråden om du lurer på noko. Kanskje er dette starten på noko veldig bra – både for deg og oss.
Kontaktinformasjon
Regine Gausemel, HR rådgjevar, +47 95440058, regine.gausemel@fjord1.noSusanna Manukyan, Leiar lønn, 93804468, susanna.manukyan@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4960544219
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2926999
- Hentet fra
talentech
- Referanse
63d82d14e11448ec95bc6701475ac877