Metoderettleiar
Nav Sogndal - Tenester til arbeidsgjevar
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
Om jobben
Stillingstittel
Metoderettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Har du trua på at alle kan vere i jobb med rett rettleiing og støtte, og kan du tenkje deg å vere på farten mesteparten av arbeidstida? I region Sogn har Nav Sogndal ledig fast stilling som metoderettleiar i det interne tiltaket Arbeid med støtte (AMS). Nav Sogndal er ein spennande arbeidsplass med høgt kvalifiserte og motiverte medarbeidarar. AMS-teamet er sett saman av to jobbspesialistar og ein metoderettleiar som gir tenester til alle dei seks kommunane i region Sogn. Stillinga er knytt til eit regionalt marknadsteam og metoderetteleiar har ansvar for å rettleie jobbspesialistane i teamet mot felles mål, og bidra til å utvikle tenesta Arbeid med støtte i Nav.
Vårt mål er å hjelpe folk med samansette utfordringar til å finne arbeid. Du må vere ei tydleg stemme i høve tenesta sine mål og verdigrunnlag, og ha tru på at alle menneske har ein plass i arbeidslivet. Rollen er også viktig for å utvikle eit trygt, inkluderande og positivt arbeidsmiljø i teamet. Metoderettleiar har ansvar for å rettleie jobbspesialistane i teamet mot felles mål, og bidra til å utvikle tenesta Arbeid med støtte. SE-metodikk er grunnlag for den faglege rettleiinga av teamet og samhandlinga med deltakarane. Metoderettleiaren har ansvar for oppfølging og rapportering av resultat for tenesta og den individuelle jobbspesialisten. Metoderettleiar har det faglege ansvaret for tenesta, men har ikkje personalansvar. Som metoderettleiar har du eit særskild ansvar for å utvikle tenesta i Nav med beslutningstakarar på ulike nivå, og metoderettleiar representerer tenesta både internt og eksternt mot relevante samarbeidspartar. Du må rekne med ein del tid ute i lokalmiljø saman med jobbspesialistane, arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar og helsetenesta. Metoderettleiar skal også ha eigen portefølje.
Arbeidsoppgaver
- Ansvar for rettleiing og fagleg utvikling av teamet med jobbspesialister, i gruppe og individuelt etter Supported Employment-metoden
- Månadlege porteføljegjennomgangar
- Feltrettleiing
- Bidra til å skape et godt tverrfagleg samarbeid i Nav i region Sogn
- Tett samarbeid med teamleiar om utvikling av tenesta på kontoret
- Rapportering
- Eigen portefølje med deltakarar
- Bistå teamet ved behov
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Gode rettleiingsevner
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Gode samarbeid- og forhandlingsevne
- God evne til å jobbe strukturert, målretta og metodisk
- God kjennskap til arbeidsmarknaden i regionen
- Erfaring som jobbspesialist
- God kunnskap om metoden Supported Employment
- Førarkort kl B
Det er ynskjeleg at du har:
- Erfaring med fagansvar og teamleiing med gode resultat
- Erfaring som metoderettleiar
- Kjennskap til kvalitetsrettleiaren
- Erfaring innan rekruttering, med oppsøkende sal, nettverksbygging eller anna relasjonsarbeid mot bedrifter
Personlige egenskaper
- Du trivst med å jobbe endringsretta med målgruppa og teamet, og å vere ein god relasjonsbyggar
- Du har tru på at alle menneske kan skaffe seg og behalde ein jobb, uavhengig av helseutfordringar
- Du har gjennomføringsevne i oppsøkande relasjonsarbeid mot arbeidsgivarar
- Du er sjølvgåande og proaktiv med evne til å jobbe både åleine og i team
- Gode sosiale ferdigheiter og evne til å skape tillit
- Evne til å følge opp resultat og ha oversikt over statistikk
- Evne til å administrere og koordinere, og jobbe planmessig og systematisk
- God rolleforståing
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Høve til å bli kjend med nye bransjar og mange spennande arbeidsgivarar
- Et godt arbeidsmiljø med engasjerte, hyggelege og kompetente kollegaer
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom kl. 09.00 - 14.30
- Trening i arbeidstida
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna vert det trekt 2 %)
- Stillingskode Seniorrådgiver (1364) og lønn fra kr. 640 000 – kr. 680 000. Høgare lønn kan vurderast for spesielt kvalifiserte søkarar.
Kontaktinformasjon
Rigmor Wathne, Avdelingsleiar , 472 86 676, rigmor.wathne@nav.noArbeidsstad
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4952174105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2925317
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2b4503577f4b4804a9e3f93f19b87a61