Geodatamedarbeidar
Om Kartverket
Lars Hilles gate 19, 2. etg., 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Geodatamedarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest lørdag 15. august
Hos oss får du arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, geodata og innovasjon
Vi søkjer ein geodatamedarbeidar til fylkeskartkontoret i Bergen. Kontoret representerer Kartverket i heile Vestland fylke og har 11 tilsette med spennande og variert bakgrunn. Oppgåvene våre omfattar etablering, vedlikehald og forvaltning av geografisk informasjon. Vi er pådrivarar for utvikling av geodata og rettleier innanfor fagområda våre. Samarbeidspartnarane våre er mellom anna kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege etatar.
Arbeidet er i stor grad organisert som prosjekt. Dette krev evne til å ta initiativ og vise ansvar, i tillegg til gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Vi ser etter deg som vil vere med på å utvikle morgondagens metodar for datainnsamling, sikre kvaliteten på viktige geografiske data og bidra til nasjonale satsingar med stor samfunnsnytte. Dette er ei unik moglegheit til å påverke korleis geografisk informasjon blir samla inn, forvalta og brukt i det digitale Noreg i framtida.
Geodataområdet er i sterk utvikling, og vi ønskjer oss ein medarbeidar med god, og gjerne ny, kompetanse. Du vil bidra til vidare utvikling av interne prosessar og ta vare på samarbeidet med brukarane av dataa. Hos oss får du arbeide saman med dyktige kollegaer i spennande prosjekt med stor samfunnsnytte.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene
- Bidra til utvikling av nye arbeidsmetodar. Mellom anna metodar for datainnsamling, til dømes dronar, og analysar av geografiske data, til dømes satellittbilete. Rolla inneber samarbeid på tvers av avdelingar og divisjonar, og aktivt arbeid for å gjere geodata meir tilgjengelege og nyttige for både offentlege og private brukarar.
- Arbeide med kvalitetssikring, forvaltning og vidareutvikling av kart- og geodata, der GIS er eit sentralt verktøy
- Ha utadretta kontakt med kommunar og andre samarbeidspartnarar
- Delta i både regionale og nasjonale geodataprosjekt i samarbeid med kollegaer over heile landet
- Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan geomatikk, geografi, GIS eller tilsvarande. Minimum bachelorgrad, gjerne mastergrad.
- Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Erfaring med behandling av geodata
- Erfaring med GIS-programvare
- Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
Det er ønskjeleg at du har:
- Erfaring med Felles kartdatabase (FKB) og SOSI-standarden
- Erfaring med dronar, KI, maskinlæring og/eller programmering
- Erfaring med prosjektleiing
- God teknologiforståing
- Skaper resultater
- Oppteken av innovasjon og gode løysingar
- Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
Vi tilbyr
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver der vi bidreg til å utvikle og forvalte samfunnskritisk infrastruktur som heile Noreg er avhengig av
- Gode moglegheiter for kompetanseheving, læring og fagleg utvikling i eit sterkt fagmiljø
- Eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit til å arbeide heimanfrå inntil to dagar i veka etter nærare avtale, og éin time trening i arbeidstida per veke
- Løn som overingeniør/senioringeniør, kode 1087/1181, frå kr 630 000 til kr 820 000, avhengig av kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
På fylkeskartkontoret i Bergen er vi ein triveleg gjeng med eit godt arbeidsmiljø. Kontoret ligg sentralt i sentrum, like ved eit kollektivknutepunkt.
Om søknaden din
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Kontaktperson for stillingen
Anne Lien
Avdelingsdirektør Kartverket Vestland
+4790058717
Om bedriften
Frå sjø til land. Frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnane. Vi i Kartverket veit at alt skjer ein stad, og at geografisk informasjon og eigedomsinformasjon er viktige byggjesteinar i utviklinga av berekraftige samfunn og nye digitale produkt og tenester.
Ambisjonane våre på vegner av Noreg er store. Vi er over 800 stolte medarbeidarar som kvar dag arbeider for at Noreg skal vere leiande i bruken av geografisk informasjon. I 2024 fekk vi den prestisjetunge «Bedre Stat»-prisen for arbeidet vårt med å digitalisere samhandling ved eigedomshandel.
Jobben vår er å gjere det enkelt å samle inn, bearbeide og dele stadfesta informasjon.
Dataa våre spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas berekraftige samfunn og i arbeidet med å finne svar på framtidas klimautfordringar. Vi er staten sitt fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Oppgåva vår er å byggje og vedlikehalde den nasjonale geografiske infrastrukturen for sjø og land, i samarbeid med kommunar, statlege verksemder og private aktørar.
Vi har 13 kontorstader frå sør til nord, i tillegg til eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Vi treng stadig fleire med på laget. Kanskje blir du ein av oss?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6e956bf5-6380-4800-83f9-04ddf6543620
- Sist endret
9. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10303330