Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta
Sveio kommune
Løkjavegen 35, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. august
Om stillinga
Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan vere noko for deg?
Vert du motivert av varierte arbeidsoppgåver og spennande kvardagar, og trivst du med å utfordre deg sjølv og stadig lære noko nytt?
Då kan du bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasienten. Me søkjer etter deg som ønskjer å utgjere ein forskjell i andre menneske sine liv, og som har høg yrkesstoltheit og arbeider etter kvardagsrehabiliteringsprinsipp, men som òg er medviten om å gje menneske ein verdig slutt på livet.
I tillegg til ein variert og meiningsfull arbeidskvardag får du dei kjekkaste kollegaene med det beste humøret på Haugalandet. Me er kjende for å ha det kjekt på jobb, kose oss når me har høve til det, men òg strekkje oss langt for å hjelpe kvarandre når det trengst.
Me har ledig eit vikariat i 95 % frå dags dato til og med 15.08.2027
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver og stor breidde i behandlinga
- Vere ein pådrivar for å leggje til rette for, og bidra til, at brukarane opplever tryggleik og meistring
- Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkleding, forflytting og trening
- Setje i verk førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde
- Planleggje og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet
- Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold ved pasienten og kva helsehjelp som blir gjeven
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
- Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ønskjeleg
- Tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
Personlege eigenskapar
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Er lojal, punktleg og pliktoppfyllande
- Har fokus på kvalitet i tenesta
- Har gode haldningar og verdiar som set pasientane i sentrum
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar
Vi tilbyr
- Faste fagdagar og fagmøte
- Årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Kommunale bilar
- Bedriftshelseteneste
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6e81e342-d15b-4f64-b895-f4b6151046aa
- Sist endret
28. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10304454