Helgestilling Masfjorden bu- og aktivitetssenter
Masfjorden kommune
Hosteland, 5986 Hosteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling Masfjorden bu- og aktivitetssenter (november 2024)
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Om stillinga
Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Masfjorden kommune har fokus på løysingar som gjev brukarane mest mogeleg styring over eige liv, og satsar difor aktivt på velferdsteknologi.
Masfjorden bu- og aktivitetssenter har turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Me kan også leggje til rette for ordinære vaktlengder.
Me har ledige helgestillingar med arbeid kvar 6.helg, men ved ønskje kan det vere oftare.
Arbeidstida er fredagar, laurdagar og sundagar.
Arbeidsoppgåver
- Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte
- Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar
Me ser etter det som
- Er miljøterapeut, helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Studentar og ufaglærte kan også søke
- Har relevant erfaring
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B1
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid
- Du er sjølvstendig i arbeidet
- Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert
- Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing
- Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane
Me tilbyr
- Løn etter tariff
- God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring
- Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar
- Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro
Søknad og tilsetjing
Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn.
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede.
Om bedriften
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord ogkommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6e407f05-399d-4f3c-9b4b-a77f59ae54c0
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10228735
Lignende annonser
Helgestilling Masfjorden sjukeheim (november 2024)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Sjukepleiarar - Masfjorden sjukeheim (oktober 2025)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Helgestilling natt - Masfjorden sjukeheim (februar 2025)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Ringevikar Masfjorden sjukeheim (november 2024)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland