Hopp til innhold

Ulstein Power & Control AS styrker salgsteamet – bli med på laget!

Arbeidsgiver

Ulstein Power & Control AS

Sted

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sales Manager
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Vi leitar etter ein sjølvstendig person som er god på å bygge relasjonar og skape nye moglegheiter i stilling som Sales Manager. Du vert ein del av eit dedikert salsteam med høg fagleg kompetanse og ambisjonar.

Likar du å skape resultat ilag med andre og ønsker å være ein del av eit framtidsretta selskap? Då vil vi gjerne  høyre frå deg – send oss din søknad!


Kva blir dine viktigaste oppgåver?

  • Drive sal og vekst – identifisere nye marknader og kundar, og aktivt skape forretningsmoglegheiter.
  • Bygge sterke relasjonar – etablere og vidareutvikle samarbeid med både nye og eksisterande kundar.
  • Utvikle løysingar – jobbe tett med vårt tekniske team for å utarbeide skreddarsydde løysingar som møter kundens behov.
  • Sikre kvalitet, kundetilfredsheit og langsiktig verdi i alle prosjekt
  • Bidra til strategi,  i samarbeid med salsteamet påverke retning, prioriteringar og satsingsområde.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein relasjonsbyggjar med god teknisk forståing og interesse for kraft- og automasjonssystem. Du har erfaring frå elektro-, automasjons- eller salssida i den maritime bransjen. Med god forretningssans og evne til å leie salsprosessar frå første kontakt til signert avtale, kombinerer du strategisk tenking med praktisk gjennomføring. Du kommuniserer godt med både kundar og tekniske fagmiljø, og har initiativ og driv til å skape resultat.

I tillegg er du:

  • Forbetringsorientert – ser moglegheiter for å optimalisere prosessar og rutinar.
  • Resultatorientert – ein lagspelar som jobbar målretta for å nå felles mål.
  • Strukturert, engasjert og nysgjerrig – med ein systematisk arbeidsmåte og vilje til å lære.
  • Erfaring frå fiskeri- og oppdrettssegmentet – er ein fordel.
  • Reisevillig og synleg i marknaden – deltek på messer, konferansar, kundemøter og andre relevante arrangement.

Kvifor Ulstein?

  • Fagleg utvikling: Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, der kunnskapsdeling og samarbeid står sentralt.
  • Spennande utfordringar: Jobb med innovative og berekraftige løysingar i eit internasjonalt konsern.
  • Personleg vekst: Vi vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Godt miljø: Mulighet til å bidra og utvikle i et miljø med takhøyde. 
  • Konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr ei attraktiv lønnspakke med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Arbeidsstad: Ulsteinvik, med fleksibilitet til å nytte kontoret vårt i Ålesund.

Kontaktinformasjon

Rolf Ottar Rovde, Sales Manager, +47 901 05 673
Katrine Sundal, HR Manager, +47 480 17 937

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS

Referansenr.: 5056049510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.


Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6e2e20fa-78b6-4615-aaf7-2e4025e42dd1

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c2fe5f98ed784543905794a18fc52eab

Lignende annonser