Avdelingsleiar Stord DPS/BUP
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Stord DPS/BUP
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Vil du vere med å vidareutvikle ei avdeling med høg fagleg kvalitet, sterk involvering og fokus på god pasientbehandling? Me ser etter ein tydeleg og engasjert leiar med solid kompetanse innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), som vil leie Stord DPS/BUP – ei avdeling med om lag 110 medarbeidarar og eit budsjett på rundt 90 millionar kroner.
Evne til å kombinere fagleg utvikling og involvering av medarbeidarane med god planlegging, klok delegering og løysingsorientering innanfor eksisterande ressursar blir lagt vekt på.
Hos oss får du eit heilskapleg ansvar for ei stor og fagleg sterk avdeling som spelar ei sentral rolle i behandlingstilbodet innan psykisk helsevern og TSB i regionen. Ditt leiarskap blir avgjerande for å sikra god pasientbehandling, kontinuerleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Me har:- DPS med døgnpost (10 senger), poliklinikk og ambulerande FACT-tenester
- BUP med poliklinikkar på Stord, Husnes og Odda, inkludert FACT Ung i samarbeid med kommunane
- TSB med rusbehandling, og tenester for LAR-brukarar
- Ei felles merkantil eining
Avdelinga har eit sterkt fagmiljø prega av involvering, faglege møteplassar og kontinuerleg forbetringsarbeid.
Du er velkommen til å søkje hos oss.Kva går jobben ut på?
- Totalansvar for fag, kvalitet, personell, økonomi og drift
- Myndiggjere og støtte nivå 4-leiarane i utvikling og oppfølging av medarbeidarane
- Utvikla gode strategiar for å møta aukande behov innanfor eksisterande rammer
- Leggja til rette for god pasientbehandling gjennom involvering og fagleg utvikling av medarbeidarane
- Stimulera til opplæring, utdanning og forsking
- Planleggja og samordna for å sikra gode og effektive pasientforløp
- Sikre godt samarbeid med primærhelsetenesta og andre einingar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helse og sosialfagleg profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
- Solid klinisk erfaring og kunnskap om psykisk helsevern og TSB
- Leiarerfaring og god administrativ kompetanse
- God kjennskap til lover, forskrifter og retningslinjer for psykisk helsevern og TSB
- Kompetanse og erfaring med økonomi- og budsjettstyring
- Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er inkluderande, tydeleg og motiverande
- har gode evner til å delegera og involvera
- viser struktur og er god på planlegging
- har eit heilskapleg blikk og stor gjennomføringsevne, også under press
- kommunisere godt – både munnleg og skriftleg
- har god systemforståing og arbeid for felles mål i klinikken
Kvifor skal du velje oss?
- Ei spennande leiarstilling i eit godt fagmiljø og med mulighet for å utvikle seg som leiar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4959356805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Kenneth Eikeset
Direktør
+47 99513977
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924077
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5c2968a63ece45a5b557ece896e268b5