Barneverntenesta
Øygarden kommune Barneverntenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Teamleiar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. september
Vi søkjer ein trygg og erfaren teamleiar som trivst i leiarrolla, og som har solid barnevernfagleg forståing. Du anerkjenner betydninga av kontaktpersonane som organisasjonen si viktigaste ressurs, du motiverer, støttar og legg til rette for at kvar enkelt medarbeidar får nytte sitt fulle potensial – i møte med strenge lovkrav og krevjande faglege vurderingar. Brenner du for å sikre trygg forvaltning i menneskemøte og samtidig verdset gode rutinar og tverrfagleg samarbeid. Med fokus på kva vi sjølve kan bidra med heller enn kva andre bør gjere annleis – då er dette stillinga for deg.
I barnevernstenesta står nytenking og kontinuerleg utvikling sentralt. Dette skal gjenspeglast i kvalitetsarbeidet vårt. Vi ser stor verdi i individuell tilpassing i utøvinga av samfunnsoppdraget vårt og ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar, der fleire instansar samarbeider og deler ansvar i møte med sårbare familiar. Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child», har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen legg vekt på samarbeid, systematikk og skreddarsydde løysingar, med barnet sitt behov i sentrum.
Barnevernstenesta legg stor vekt på eit fagleg sterkt miljø, der vi leverer gode og kvalitativt sterke tenester til barn og familiar i ei lærande organisasjon. Vi vil vere stolte av arbeidet vårt, og vår grunnleggande haldning er at barn og familiar er ekspertar på eigne liv – barn skal bli høyrde og deira meiningar skal kome tydeleg fram i alle prosessar.
Arbeidsoppgåver:
- Fagleg ansvar for sakane i teamet
- Koordinering av teamet
- Ansvar for rettleiing jf. rutinar
- Ansvar for internkontroll saman med avdelingsleiar og fagutviklar
- Ansvar for implementering og utvikling av rutinar og aktuell metodikk i arbeidet
- Tett samarbeid med leiarteam og fagutviklar
- Vere ein sentral person for å få til tverrfagleg samarbeid i kommunen
Kvalifikasjonar:
- 3- årig relevant høgskuleutdanning, annan utdanning vil bli vurdert.
- Kjennskap til barnevernfagleg metodikk og forvaltning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Relevant vidareutdanning
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan rettleiing eller ønske om å ta dette.
Eigenskapar:
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Du toler høgt arbeidspress
- Du evner å kunne jobbe sjølvstendig og i team
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt
Hege Gundersen hege.gundersen@oygarden.kommune.no
Mob: 93484846
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6e0608b7-3361-4c97-93a6-005f497c5aea
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3535825_192483_nn