Hopp til innhold

Vil du bli vår nye lønns – og rekneskapskonsulent?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune HR-avdelinga

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Lønns – og rekneskapskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 16. april

Har du genuin interesse for lønns – og rekneskapsfaget? Er du ryddig og strukturert,og i tillegg nysgjerrig på videreutvikling av beste praksis innan systemløysingar,rapportering og rutinar?

Vi har ledig 100% fast stilling som lønns – og rekneskapskonsulent.

Avdelingane er ein del av stabstenestene, som saman med økonomi, personal, IT, og organisasjonsutvikling utgjer 39 tilsette. Vi samarbeidar tett med leiarar i heile organisasjonen for å sikre rett lønn til rett tid til våre om lag 2000 tilsette.

Lønsavdelinga har og ansvar for å krevja inn refusjonar frå NAV, og å gjennomføra lovpålagd rapportering av arbeids- og lønnsdata til offentlege instansar og pensjonskasser.

Rekneskapsavdelinga fører rekneskapen for kommunen og to KF som til saman har eit driftsbudsjett på ca. 2,8 mrd. Kr. I tillegg har kommunen eit investeringsbudsjett på ca.100 mill.kr.

Avdelingane har systemansvar for lønnssystemet Visma Enterprise Plus HRM, som er mastersystem i Bjørnafjorden kommune og Visma Enterprise Plus Økonomi. Oppgåvene er i stor grad digitaliserte, og det er eit kontinuerleg fokus på effektivisering og utvikling av prosessar og arbeidsflyt.

Om du vil bli med oss på laget, vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø og fagleg fellesskap, der samarbeid, kompetansedeling og felles måloppnåing står i fokus.

Arbeidsstad
Stabstenestene - lønn – og rekneskap

Som medarbeidar hos oss har du ei viktig rolle med varierte oppgåver:
  • Lønnsarbeid fra A-Å, herunder rapportering, kontroll og avstemming
  • Pensjon
  • Oppfølging og behandling av sjuke- og fødselspengar frå NAV
  • Rekneskapsarbeid, herunder bokføring, fakturabehandling, avstemminger, kundeoppfølging, moms og årsavslutning mv.
  • Utvikling og vedlikehald av system og rutinar
  • Opplæring og leiarstøtte
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå innanfor økonomi/rekneskap/administrasjon/leiing, eller evt. autorisert rekneskapsførar.
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå lønnsarbeid og kjennskap til lønnssystem, fortrinnsvis Visma Enterprise.
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet
  • God digital kompetanse
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Egenskaper
  • Du jobbar systematisk, er strukturert og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du likar ein travel kvardag og løyser oppgåver i team, der du er med og tar i eit tak om det trengs
  • Du er analytisk og sjølvgåande og oppteken av å levere rettidige tenester.
  • Du ser mogelegheiter framfor utfordringar
  • Du blir med i jakta på smarte løysingar og har interesse for nye system og teknologi

Det blir lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Avdelingsleiar lønn Sigrun Frydenlund

+47 911 86 814

sbfr@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6d920fd2-feaf-4954-bd60-9f47c6f71fb8

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3610495_195983_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser