Fysioteterapeut i Rauland. Arbeidsretta rehabilitering. 100 % engasjement til 31.12.2025
Rehabiliteringssenteret AiR AS / Vinje kommune
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland, Norge
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Rehabiliteringssenteret AiR jobbar for å hjelpe menneske å koma i arbeid, trass helseplager. For oss heng helse og arbeid nært saman. Me jobbar i tverrfaglege team, som saman med deltakarane, lyfter fram ressursar og moglegheiter for å koma tilbake i arbeid.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:-
Erfaring eller interesse innanfor fagfeltet psykomotorisk fysioterapi
-
Erfaring med komplekse problemstillingar tilknytt helse og arbeid
-
God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
-
Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
-
Interesse for undervising og gruppeprosessar
-
God skriftleg framstillingsevne
-
Vilje til å gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
-
Norsk autorisasjon
-
Personlege eigenskapar blir vektlagt
-
Fysioterapifaglege vurderingar, ulike undersøkingar og funksjonstesting
-
Individuell rettleiing
-
Leie varierte aktivitetar i grupper
-
Undervising av deltakarar i grupper
-
Gjennomføring av kartlegging - og vurderingssamtaler
-
Bidra med observasjon inn i det tverrfaglege teamet
-
Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
-
Kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
-
Særfagleg oppfylging ved behov
-
Journalføring
-
Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
-
Jobb i eit solid kompetansemiljø med ulike faggrupper.
-
Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering.
-
Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
-
Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
-
Hjelp til å skaffe møblert bustad
For meir informasjon, kontakt:
Nestleiar klinikk Siri Mørch tlf 474 63 408 eller fysioterapeut Gina Ulberg på tlf 35 06 28 00.
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er landets leiande senter innan arbeidsretta rehabilitering (ARR), og ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeve av flotte fjell, fine vatn og venleg skogsterreng, som også nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Fjellbygda Rauland er rik på natur og kultur og ligg sentralt plassert mellom aust og vest. Senteret har to klinikkar, ein i Rauland og ein poliklinikk i Oslo. Stillinga er ved klinikken i Rauland.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2694638
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6d7e94be-f6ae-423a-9108-a5aa90d88cfa