Vikariat som barnehagelærar
Fyresdal barnehage, Fyresdal kommune
Landstadvegen 30, 3870 Fyresdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat som barnehagelærar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. juni
Fyresdal barnehage søker barnehagelærar i inntil 100 % stilling. Stilling er ledig frå 01.08.2025 og fram til 31.07.2026.
Vi søker ein engasjert barnehagelærar som brenn for barns utvikling, leik og læring. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, der vi saman jobbar for å gi barna dei beste moglegheitene for læring og trivsel.
Vi ynskjer oss ein barnehagelærar som har fokus på fag, er løysningsorientert og som likar å jobbe i eit fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa
- Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald
- Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar
- Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen
Arbeidsoppgåvene kan blir endra undervegs grunna sjukefråvær.
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig sosialfagleg utdanning
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eventuelt minimum bestått norskprøve B2
- Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientert
- Gode evner til å arbeide i team for barnets beste
Personlege eigenskapar
- Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Evne til å bidra med å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad
- Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
Kontaktinformasjon
Janine Braemer, Barnehagestyrar, +47 47 63 61 72Arbeidssted
Landstadvegen 303870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4977472753
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 16.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Janine Braemer
Barnehagestyrar
+47 47 63 61 72
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted