Spring Trainee -- eit springbrett til di draumekarriere!
Reknehuset AS Ulsteinvik/Ørsta
6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Trainee rekneskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. mai
Vi i Reknehuset er ei rekneskapsbedrift med 16 tilsette og har kontor både i Ulsteinvik og Ørsta. Vi er blant dei største rekneskapsbedriftene på Sunnmøre med eit sterkt engasjement for kundane våre og å styrke det lokale næringslivet. I dag er vi ein moderne rekneskapspartnar som gir deg brukarvennlege og smarte rekneskapsopplevingar. Er du vår trainee?
Arbeidskvardagen hos ossSom trainee hos oss vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og personleg utvikling. Arbeidskvardagen er fleksibel og med varierte oppgåver innan ulike bransjar og selskapsformer: rekneskapsføring, rapportering, rådgjeving og kundeoppfølging. Du vil få jobbe tett med dyktige kollegaer som støttar, utfordrar og får deg til å le midt i internmøtet.
Kven vi leitar etterVi ser etter deg som enten har fullført eller er i ferd med å fullføre ein bachelor- eller mastergrad innan økonomi, rekneskap eller liknande. Som person likar du utvikling, trivst i endring og verdset samarbeid.
Spring Trainee
Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring Trainee. Dette er eit eittårig traineeløp der du får tilgang til sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for di vidare karriere. Vi tilbyr
-
Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk
-
Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter
-
Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear
-
Eittårig traineekontrakt med moglegheit for fast tilsetting
Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted