Helsefagarbeidar på natt, fast 80%
Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune
Sollivegen 2, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar på natt, fast 80%
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. juli
Etter mange år i teneste går ei av våre dyktige nattevakter over i pensjonisttilværet, og me søkjer no etter hennar etterfølgjar.
Me ser etter deg som ønskjer å jobbe natt ved Nissedal omsorgssenter. Vaktene er på 11 timar, noko som gir deg friperiodar der du kan jobbe dag eller kveld i andre avdelingar dersom du ønskjer det. Du vil bli ein del av vårt nattevaktteam, der det alltid er tre tilsette på jobb kvar natt.
Eininga har årsturnus, og du vil vere med i planlegginga slik at turnusen kan tilpassast dine behov og ynskjer.
Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit trygt og godt arbeidsmiljø – med rom for både fagleg utvikling og fleksibilitet.
Arbeidsoppgåver
- Gje helse- og omsorgstenestar til heimebuande og bebuarar på omsorgssenteret
- Syte for fagleg forsvarlege tenestar
- Systematisk oppfylging av brukarar
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Ynskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som er:
- Positiv og behandlar pasientar, pårørande og kollegaer med respekt
- Samarbeidsvillig, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig og takle utfordrande situasjonar samstundes som du har gode arbeidsevner
- Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar og eit godt arbeidsmiljø
- Trivst med varierte arbeidsoppgåver
- Stabil og har høg arbeidsmoral
Personleg eignahet vektleggjast
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Varierte arbeidsoppgåver
- Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar saman
- Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdanning og intern kompetanseheving
- Me har sudieordningar for studentar, dersom ein er villig til å inngå avtale om 2 års binding etter fullført utdanning
- Nissedal kommune tilbyd 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
- Eiget tillegg for nattevaktene, som per i dag er på kr. 25 000,- pr. 100% stilling
- Tilsetningsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Kontaktinformasjon
Eline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester, 90235998, eline.metveit@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Sollivegen 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4980333789
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6d25a567-e1be-4882-aed4-bdc6d6066bfb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5f419bd8aeec443abb3a84e9637c8944