Nattevakt - Sjukepleiar/helsefagarbeidar 50% fast
Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune
Sollivegen 2, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nattevakt - Sjukepleiar/helsefagarbeidar 50% fast
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. juli
Me har ledig ei 50 % stilling med arbeid kvar tredje helg. Nattevaktene er på 11 timar, noko som gir deg friperiodar der du kan jobbe dag eller kveld i andre avdelingar dersom du ønskjer det. Du vil inngå i det øvrige nattevaktsteamet på Nissedal omsorgssenter, slik at de totalt er tre nattevakter på jobb kvar natt. Eininga har årsturnus, og du er med på å utforme din eigen turnus etter dine behov.
Hjå oss får du ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø, med fleksibilitet og høve til å påverke eigen kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Gje helse- og omsorgstenestar til heimebuande og bebuarar på omsorgssenteret
- Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som til dømes tenestekontoret og spesialisthelsetenesta, for å syte for fagleg forsvarlege tenestar
- Systematisk oppfølgjing av brukarar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Autorisert helsefagarbeidar er velkomne til å søkje
- Ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- Positiv og samarbeidsvillig og behandlar brukarar, pårørande og kollegaer med respekt
- Fleksibel og løysingsorientert
- Jobbar sjølvstendig og taklar utfordrande situasjonar samstundes som du har gode samarbeidsevnar
- Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar, samt eit godt arbeidsmiljø
- Engasjert og trivst med varierte arbeidsoppgåver
- Stabil og har høg arbeidsmoral
Personleg egnahet vektleggjast
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar saman
- Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdanning og intern kompetanseheving
- Me har studieordningar for studentar, dersom ein er villig til å inngå avtale om 2 års binding etter endt utdanning
- Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
- Eige tillegg for nattevaktene, som per i dag er kr. 25.000,- pr. 100% stilling
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Eline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester, 90235998, eline.metveit@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Sollivegen 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4983147465
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6d0c075f-e391-4125-ac11-d1552cb37e37
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5052ce2813f0418f8612b4a808179280