Lærar - 170% vikariat
Aure barneskule, Sykkylven kommune
Dalevegen 47, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - 170% vikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Vi søkjer to dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Vi har behov for 170% vikar fordelt på to undervisningssstillingar for skuleåret 2025-2026. Ei 100% undervisningsstilling som kontaktlærar i småskulen og ei 70% undervisningsstilling som faglærar i Kunst og handverk.
Aure barneskule er ein ny flott skule som opna dørene hausten 2023, og er sentralt plassert i sentrumsområdet i Sykkylven.
Skulen er ein 1-7 skule med 20 klasser og 3 parallellar. I tillegg har vi ein stor SFO med om lag 140 elevar. Skulen har ei ressursavdeling med helsesjukepleiarar, PPT, logopedar, fysioterapeut og ergoterapeut, og er samlokalisert med Sykkylven kulturskule og Aure idrettshall. Skulen har vidare eiga avdeling for Kunst og handverk, med godt utstyrte rom for sløyd, tekstil og keramikk.
Undervisninga er organisert i eit to-lærarsystem i basisfaga, norsk, matematikk og engelsk, på alle trinn. Det inneber at det er to faglærarar i dei fleste undervisningstimane i desse faga. Skulen har fokus på inkludering og tidleg innsats, og deltek i den nasjonale satsinga Tid for lesing.
Har du lyst på ein spennande jobb, der du tek del i den viktige og kjekke jobben som samfunns- og relasjonsbyggar saman med dyktige og erfarne kollegaer? Søk då vel!
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av god og variert undervisning i tett samarbeid med andre
- Arbeide for å skape eit trygt og godt skulemiljø
- Bidra til godt samarbeid med heimen og andre aktørar i skulen
- I det utlyste vikariatet på 100%, må kontaktlæraransvar påreknast
Kvalifikasjonar
100% stilling som kontaktlærar: Grunnskule-/ allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning som kan dekke dei fleste av grunnskulen sine fag, og som oppfyller krav for tilsetting og undervisning. Søkarar med grunnskulelærarutdanning 1-7 vil bli prioritert.
70% stilling som faglærar i Kunst og handverk. Søkarar må ha pedagogisk kompetanse og relevant utdanning i Kunst- og handverkfaget.
I begge stillingane gjeld krav om :
- Erfaring frå undervisning på barnetrinnet
- God IKT kompetanse
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg, og nynorsk skriftleg
- Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9
- Erfaring med bruk av Skolestudio og Visma sine skulesystem er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Ha eit varmt og positivt menneske- og læringssyn
- God på relasjonsbygging, trivast saman med barn, og kunne vere ein aktiv del av laget rundt eleven
- Glad i å samarbeide, kunne ta initiativ og like å delta i utviklinga av eit godt profesjonsfellesskap
- Fleksibel og løysingsorientert
- Kunne bidra positivt i arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Kjersti Hovet, Einingsleiar, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 476230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4954201151
Stillingsprosent: 100, 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2918330
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d388ce6afb1a492ba84b7d44ec35d2e9