Aktivitetsvert for ferieaktivtetar i Vinje – Sommarjobb
Kultur, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Aktivitetsvert for ferieaktivtetar i Vinje – Sommarjobb
Oppstart
20. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 40%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Arbeidsoppgåver
Som aktivitetsvert for ferieaktivitetar er du med i ei gruppe som lagar til morosame og spennande aktivitetar for barn og ungdom i 5.-10.-klasse i Vinje kommune. Me grillar, badar, syklar og reiser på tur til Sommarland i Bø. Me køyrer gokart, ser film, spelar fotball og gjer mange andre ting saman gjennom sommaren. Du som er aktivitetsvert er med på å finne på ting, og du hjelper til med å gjennomføre aktivitetar slik at dei er trygge, inkluderande og morosame.
Målet for ferieaktivitetane er at alle som er med skal få gode opplevingar, og hugse sommaren 2025 som ein skikkeleg bra sommar!
Kvalifikasjonar
Erfaring frå arbeid med barn og unge, til dømes:
- skule eller SFO
- fritidsklubb eller idrettslag, som trenar eller liknande
Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid eller pedagogikk er eit pluss, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Har du fylt 18 år?
- Likar du å jobbe med barn og ungdom?
- Likar du å samarbeide?
Kan du svare ja på spørsmåla over kan du søkje på stilling som aktivitetsvert ved Vinje sommarskule.
I tillegg ynskjer me at du er
- trygg med barn og unge
- blid og omgjengeleg
- påliteleg
Har du peiling på surfing, dataspel, fjellklatring, filmskaping, rullebrett, sykling eller andre aktivitetar som er morosamt å drive med på sommaren? Har du fordjuping i fag som til dømes naturfag, friluftsliv, idrett og liknande, så er det eit pluss.
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Ein morosam og spennande sommar, med varierte oppgåver og full fart!
Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4935638070
Stillingsprosent: 40%
Sommarjobb
Startdato: 20.06.2025
Sluttdato: 14.08.2025
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2940960
- Hentet fra
talentech
- Referanse
caa667a470c0405795b70eec2fea9968