ID 2314 Helsefagarbeidarar - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
fagarbeider, helsefag
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar.
Stord sjukeheim har ledig 2 stillingar som helsefagarbeidar på natt 75% 1 fast og 1 vikariat ut 2025.Begge stillingane er i turnus med arbeid 3. kvar helg. Stillingane kan aukast gjennom deltaking i vikarstab.
Arbeid og ansvarsområde: Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.
Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester.
I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:
-
pleie og omsorgsoppgåver
-
oppfølging av tiltak, evaluering og dokumentering
-
å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
-
palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
legemiddelhandtering, (må gjennomgå opplæring, kurs og passeringstest for å delta i dette)
-
fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
-
Autorisert Helsefagarbeidar
-
Beherske norsk både munnleg og skriftleg, språkprøve B2 må vere avlagt og bestått for søkjar utanfor Skandinavia
-
Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må framleggas ved oppstart
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Kontaktperson: Britt Nelly Hystad Barane- einingsleiar 92486358 eller Marianne Leth Lups- avdelingsleiar natt 95940218
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931170
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6ca82aa7-5a30-413c-91a7-03b5ee67bd20