Pedagogiske leiarar
Sunde barnehage, Sula kommune
Rystene 30, 6037 Eidsnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Sunde barnehage har ledig 2 stillingar som pedagogisk leiar frå 1.8.2025:
1 - 100% fast stilling
1 - 100% vikariat frå 1.8.2025 – 23.12.2025 på småbarnsavdeling (Det kan bli moglegheit på forlenging eller fast på ein av dei kommunale barnehagene i 2026.)
Sunde er ein kommunal barnehage med to avdelingar; 0-3 år og 3-6 år. Den ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Barnehagen har ein friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra mykje.
Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er:
Alle i Sunde Barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.
Du kan også lese meir om Sunde barnehage på Sula Kommune si heimeside, under oppvekst og utdanning
Arbeidsoppgåver
Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på avdelinga, i tråd med stillingsinnhald for pedagogisk leiar.Arbeide i tråd med barnehagen sin visjon, verdiar og standardar.
Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområde.
Vere ein god samarbeidspartner for personale, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig relevant høgskuleutdanning.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftlig.
Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
Stabilitet og tilstedeværelse vil bli vektlagt.
Det vert teke omsyn til samansetninga i personalgruppa.
Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit evt. intervju.
Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
Du er fleksibel og løysingsorientert.
Du tek medansvar for eigen og andre sin trivsel, og likar å arbeide i team.
Du liker å vere mykje ute og er glad i friluftsaktivitetar
Du er ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne.
Du er positiv til internasjonalt samarbeid.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du er ein positiv bidragsyter i utviklings- og endringsarbeid.
Du kan arbeide og fungere både ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
Vi tilbyr
Kompetente kollega med fokus på kvalitet, endring og utvikling.Spennande samarbeid i Sula Kommune med mellom anna fokus på læringsreisa til barna og utviklingsarbeid som omhandla språk.
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel.
Løn etter gjeldande tariff.
God offentleg tenestepensjon i KLP. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Gode forsikringsvilkår.
Kontaktinformasjon
Anita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar, 95710295, anita.beth.quon.eikrem@sula.kommune.noArbeidsstad
Rystene 306037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4993663257
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6c9c2c48-cab4-4f4f-b0ad-7c6778eb9436
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b1a1a603db947e59e3628e3ed15765f