Lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Osterøy kommune
Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Osterøy kommune ønskjer å satse på kompetanse. Vi har stadig behov for kloke hovud og engasjerte fagpersonar. Vi kjenner oss derfor svært heldige som kan tilby læreplass der du som framtidig fagperson kan utvikle deg nettopp hjå oss!
Vi har no ledig ein læreplass for lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget. Oppstart i stillinga vil vere i august 2025. Ein vil få avtale om lærekontrakt som går over 2 år.
Det første året vil lærlingen bli arbeidsplassert på Valestrand skule. Det vil i løpet av våren 2026 bli gitt informasjon om arbeidsplassering for det siste året av læretida.
Vi søkjer deg som
- er omsorgsfull og glad i ungdom
- er motivert og lærevillig
- er punkleg og påliteleg
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- likar å samarbeide med andre
Kvalifikasjonskrav
Du må ha fullført og bestått Vg 1 og Vg 2 for søkje på læreplass i Barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Vi tilbyr
- God opplæring og brei erfaring innan barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande avtaleverk
Om bedriften
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Hos oss på Valestrand er verdiane våre; engasjert, inkluderande og kreativ , og vi arbeidar for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.
Skulen har eit aktivt elevråd som arbeidar for at alle elevane på skulen skal få ein best mogleg skulekvardag.
Valestrand har temadagar jamnt gjennom året og verdsett aldersblandande aktivitet.
Valestrand skule er ein av dei største skulane på Osterøy og ligg vakkert til og nær naturen, med blant anna Brakvatnet i nærleiken og kultur tett på med Bullahuset.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6c6ca0f1-d5ad-4d04-8934-77df8e68492c
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10252821