Hopp til innhold

Ledig stilling i trykkeriet

Arbeidsgiver

Printfarm AS

Sted

Nedre Storøyni 2, 6884 Øvre Årdal

Om jobben

Stillingstittel
Produksjonsmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Produksjonsmedarbeidar -- storformat

Me søkjer produksjonsmedarbeidar til storformat-avdelinga vår. Me ser etter deg som er praktisk anlagt, nøyaktig og likar å jobbe med moderne produksjonsutstyr og høgt tempo. Du må vere lærevillig, likar utfordringar, har sans for kvalitet og nøyaktighet.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av skilt, banner, rollup, etikettar og andre produkt.

  • Trykking på kle og tekstil

  • Pakking og sending av varer

  • Dagleg bruk av maskiner, programvare og produksjonssystem

  • Vere med å bygge Printfarm vidare

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • Jobbar sjølvstendig og tek ansvar

  • Er nøyaktig og opptatt av kvalitet

  • Har god datakunnskap

  • Likar teknologi og tekniske løysingar

  • Er motivert, lærevillig og nysgjerrig

  • Har teknisk innsikt/praktisk forståing

  • Har førarkort

Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav -- rett haldning og vilje til å lære er viktigast.

Me tilbyr

  • Varierte arbeidsdagar i ein moderne produksjon

  • Opplæring i maskiner og arbeidsprosessar

  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø

  • Moglegheit til å utvikle deg fagleg

  • 100% fast stilling i ei verksemd i vekst

Om bedriften

Printfarm AS er eit trykkeri kontinuerlig utvikling med fokus på kvalitet, digitalisering og miljø. Vi er seks tilsette som arbeidar med moderne produksjonsutstyr i nye lokale i Øvre Årdal. Vi er medeigar i Kortlevert AS, som er samlokalisert med oss i eit kreativt, hektisk og godt miljø.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6c6a8343-727f-4f47-9df6-e08ccbbc5887

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

448802367

Lignende annonser

Trykkerimedarbeider

Arbeidsgiver

Printfarm As

Sted

Øvre Årdal

Superrask søknad