Sjukepleier på natt
ReHabiliteringsklinikken/ Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering/ AFMR Post 2, Helse Bergen
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleier på natt
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærheten til Lagunen. Vi søker nå etter sjukepleiar i sengepost til ca 50% fast stilling, for tida på natt. Stillinga er ledig frå 1. mars 2025, eventuelt tiltredelse etter avtale.
I ReHabiliteringsklinikken utgreier og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar fordelt på to sengepostar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik.
Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskade-rehabilitering. Vi er tyngdepunktet for spesialisert rehabilitering i Helse Bergen. I tillegg samarbeider vi med andre aktuelle einingar i spesialisthelsetenesta og med førstelinjetenesta.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar, faglege referansar, samarbeidsevne og sjølvstende
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er tilpasningsdyktig, løysingsorientert og fleksibel
- Du har evne til å ta initiativ og vilje til nytenkning
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Introduksjon og oppfølging av erfaren kollega
- Strukturert opplæring med trinnvis oppbygging av kompetanse
- Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø
- Fokus på kompetanseheving med blant anna klinikkens dag, studiedagar og fagdagar
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fokus på trening og aktuelle caser ved hjelp av simulering/ferdighetstrening med eigne fasilitatorar
- Eigne ressurspersonar for DHLR, forflytning, MAP, medisinsk utstyr, mm.
- Tilgang til treningslokale og oppvarma basseng
- Det er kort veg til Lagunen Storsenter
- Direkte buss frå Bergen busstasjon
- Gode parkeringsmoglegheiter
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anja Margrethe Jordal, Seksjonsleiar, 55918425, anja.margrethe.jordal@helse-bergen.noArbeidsstad
Nordåsgrenda 45235 Rådal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4902581454
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 21.01.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2825844
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d7289349342d45b2adb01fb7dac9c2e7