Vil du vere med og skape endring for andre? Då bør du lese vidare!
Nav Vindafjord-Etne
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Veileder - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vil du bidra til å gjere ein forskjell i menneske sitt liv – og hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet?
NAV Vindafjord-Etne søkjer ein engasjert og løysingsorientert rettleiar til eit års vikariat som vil vere med på å styrke vårt samfunnsoppdrag. I denne rolla vil du få ei sentral oppgåve med å kartleggje og avklare ressursar og moglegheiter hos arbeidssøkjarar, og motivere dei vidare mot arbeid eller aktivitet. Du vil også samarbeide tett med lokalt næringsliv, kollegaer og eksterne aktørar for å finne gode og varige løysingar, og det må påreknast noko reiseverksemd i lokalområdet.
Som rettleiar hos oss får du høve til å påverke både enkeltmenneske og lokalsamfunnet – og bidra aktivt i utviklinga av NAV sine tenester, saman med om lag 28 engasjerte og inkluderande medarbeidarar.
Nav Vindafjord-Etne held til på Rådhuset i Ølen, men flyttar inn i heilt nye lokale i sentrum våren 2026.
Er du den me ser etter? Send oss ein søknad der du fortel kvifor du er den rette for stillinga, og framhevar korleis du oppfyller kvalifikasjonskrava.
Arbeidsoppgaver
- Kartlegga og avklara arbeidssøkjarar sine ressursar og moglegheiter, samt motivera for arbeid eller aktivitet.
- Bistå våre arbeidssøkjarar til å sjå moglegheiter i dagens arbeidsmarknad ved å veileda, informera og saksbehandla etter gjeldande regelverk, særleg Folketrygdlova.
- Samarbeida tett med lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnerar, med mål om å hjelpa arbeidssøkjar ut i ordinært arbeid.
- Samarbeida tett med kollegaer på kontoret og frå andre avdelingar i Nav, som Nav marknadsavdeling, Arbeidslivssenter og andre samarbeidspartnarar i kommunane.
- Bidra aktivt i utviklinga av Nav sine tenester.
Ettersom Nav er i stadig endring og utvikling, kan andre oppgåver tilfalla stillinga.
Kvalifikasjoner
Du må ha:- Fullført utdanning tilsvarande bachelorgrad, fortrinnsvis innan samfunnsfag, helse- og/eller sosialfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensera for utdanningskravet.
- God digital kompetanse (erfaring med Microsoft Office 365).
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne og gode norskkunnskapar. Ved anna morsmål enn norsk må det dokumenterast språknivå tilsvarande C1.
- Erfaring med rettleiing og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar.
- Erfaring med saksbehandling og bruk av lovverk.
- Førarkort klasse B.
- Erfaring frå tverrfagleg arbeid.
- Erfaring med kartlegging og rettleiing, samt motiveringsarbeid mot arbeid og/eller utdanning.
Vitnemål og attester må lastes opp i webcruiter i løpet av rekrutteringsprosessen.
Personlige egenskaper
For oss i Nav Vindafjord-Etne er det viktig at medarbeidarane våre opplever meistring og trivst med arbeidsoppgåvene over tid. Difor legg me stor vekt på personlege eigenskapar som me ser at er viktige i rolla. Særleg desse eigenskapane vil bli vektlagde sterkt:
- Nettverksbyggande og samarbeider godt med andre: Du tilnærma deg andre for å utvikle nye relasjonar eller styrkje eksisterande. Du deler informasjon og ekspertise for å oppnå teamresultat.
- Motstandsdyktig: Du handterer dei daglege utfordringane i arbeidet på ein tilpassingsdyktig og trygg måte.
- Initiativrik: Du set i gang arbeid og er handlingsorientert, samtidig som du tek sjølvstendige avgjerder.
- Problemløysar: Du finn løysningar, tek raskt til deg ny kunnskap, og er i stand til å bruke eksisterande kunnskap på nye måtar.
Vi tilbyr
- Spanande, meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, til dømes gjennom videreutdanning i kollegaveiledning eller forvaltningsrett.
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for å bruke éin time per veke i arbeidstida til fysisk aktivitet.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens Pensjonskasse (SPK).
- Me tilbyr vikariat som veileder i stillingskode 1434 Rådgiver, med årslønn fra kr. 580.000 - 645.000
Kontaktinformasjon
Kristin Tofte, Leder, 41237114Arbeidssted
Rådhusplassen 15580 Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5034773262
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristin Tofte
Leder
41237114
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6c30de21-fc7e-4d7f-a870-df90cdde038e
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c6ffb5d85dab45e3b8d79a1827f8785c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Nav Vindafjord-Etne
Sted
Ølen
Arbeidsgiver
Nav Haugesund - Utsira
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Aktio As
Sted
Haugesund