Avdelingsleiar med hjarte for folk og utvikling søkjast til Nav Vindafjord-Etne
Nav Vindafjord-Etne
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vil du bli avdelingsleiar i eit Nav-kontor der engasjement, samarbeid og samfunnsoppdrag står i sentrum?
Nav Vindafjord-Etne er eit kontor med 28 dedikerte medarbeidarar fordelt på tre avdelingar. No opprettar me ei ny leiarstilling for avdelinga Arbeid og inkludering, og me søkjer deg som vil vere med og utvikle både menneske og tenester. Som éin av tre avdelingsleiarar vil du inngå i ei tett leiargruppe saman med einingsleiar – og få ansvar for rundt 10 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Samtidig vil du følgje opp menneske som står utanfor arbeidslivet, og rettleie dei på vegen mot jobb eller aktivitet.
Me ser etter ein trygg og tillitsbasert leiar som veit kva som motiverer, og som legg til rette for meistring og utvikling. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar og einingar i Nav Rogaland, og med eksterne aktørar som næringsliv, helsevesen og oppfølgingstenesta.
Nav Vindafjord-Etne held til på Rådhuset i Ølen, men flyttar inn i heilt nye lokale i sentrum våren 2026.
Er du ein lagspelar som finn motivasjon i Nav sitt samfunnsoppdrag? Då håpar me du søkjer!
Arbeidsoppgaver
- Leia og utvikla avdelinga på ein måte som legg til rette for eitt godt arbeidsmiljø og en god læringskultur, med sjølvstendige medarbeidarar som jobbar godt saman i team.
- Personal-, fag-, og resultatansvar for avdelinga.
- Vera ein aktiv lagspelar i kontoret si leiargruppe og bidra til å finna heilskaplege løysningar for Nav-kontoret.
- Samarbeida med kommunen sine andre tenester og næringsliv for å nå felles mål i organisasjonen.
- Bruka handlingsrommet og utvikla tenester som bidrar til at fleire innbyggjarar og arbeidsgjevarar får gode tenester.
- Følgje opp og rettleie menneske med nedsett arbeidsevne, med mål om arbeid og/eller aktivitet.
Ettersom Nav er i stadig utvikling og endring, kan ein pårekna endringar i ansvarsområde og oppgåvesamansetning.
Kvalifikasjoner
Du må ha:- Fullført utdanning tilsvarande minimum bachelor, fortrinnsvis innan sosialfag eller leiing. Relevant utdanning og/ eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne (språknivå må tilsvara C1 for søkjarar med anna morsmål enn norsk).
- Gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye digitale løysingar.
- Erfaring med leiing og personaloppfølging, gjerne frå offentleg sektor.
- Erfaring frå rettleiing av menneske i sårbare livssituasjonar.
- Førarkort klasse B.
Me ønsker også at du har:
- Inngåande kjennskap til arbeidsmarknaden.
- Kunnskap om offentleg sektor.
Vitnemål og attestar må lastast opp i webcruiter i løpet av prosessen. Utenlandske utdanningsgradar må vere godkjend av HK-dir eller Nokut.
Personlige egenskaper
For oss i Nav Vindafjord-Etne er det viktig at medarbeidarane våre opplever meistring og trivst med arbeidsoppgåvene over tid. Difor legg vi stor vekt på personlege eigenskapar som me ser at er viktige i rolla. Særleg desse eigenskapane vil bli vektlagde sterkt:
- Samarbeid med andre: Du er ein lagspelar som bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler kunnskap, lyttar aktivt og samarbeider konstruktivt med kollegaer, samarbeidspartnarar og dei du følgjer opp, for å nå felles mål.
- Pågangsmot: Å arbeide med menneske i utfordrande situasjonar over tid kan vere krevjande, i tillegg skal ein som avdelingsleiar følgje styringssignal og levere på mål og prioriteringar fra overordna nivå. Difor er det viktig at du også klarer å sjå moglegheiter, er positiv og har pågangsmot.
- Problemløysar: Du utviklar effektive, fornuftige og praktiske løysingar på utfordringar. Nokre gonger står ein i ukjende situasjonar og utfordringar, og då er det ein fordel å sjå løysningar framfor avgrensingar.
- Resultatorientert: Å ha evne til å tilnærme deg nye perspektiv og metodar, og å setje ambisiøse mål, er viktig i ei rolle som avdelingsleiar i Nav der ein både skal leie utvikling og støtte menneske i endring. Som avdelingsleiar og rettleiar i Nav må du kunne tenkje nytt, tilpasse deg endringar og arbeide målretta – både i strategisk arbeid og i møte med menneske som treng støtte for å kome vidare i livet.
Personlege eigenskapar er svært viktige, og ovannemnte eigenskapar vil vektleggast sterkt. Det vil bli brukt DNV-GL sertifisert personlegheitstest og evnetest i rekrutteringa.
Vi tilbyr
- Spanande, meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, til dømes videreutdanning innan forvaltningsrett eller kollegaveiledning.
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for å bruke éin time per veke i arbeidstida til fysisk aktivitet.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens Pensjonskasse (SPK).
- Me tilbyr fast stilling som avdelingsleiar i stillingskode 1407 Avdelingsleiar, med årslønn for tiden i lønnsspenn: kr. 720.000 - 820.000.
Les meir om Nav som arbeidsgivar på www.nav.no
Kontaktinformasjon
Kristin Tofte, Leder, 41237114Arbeidssted
Rådhusplassen 15580 Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5032150175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristin Tofte
Leder
41237114
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4ee9bc3f-b740-4821-82ba-6e918d2c31b0
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5dc424d486c745998097ca0236eb2198
Lignende annonser
Veileder - vikariat
Arbeidsgiver
Nav Vindafjord-Etne
Sted
Ølen
Arbeidsgiver
Nav Haugesund - Utsira
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Stiftelsen CRUX
Sted
Haugesund