Ledige helgestillingar i Kåsa bu- og avlasting
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Treungvegen 505, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige helgestilling i Kåsa bu- og avlastning
Type ansettelse
Fast, deltid 16.67%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi på Kåsa bu og avlasting har ledig ein fast helgestilling. Vil du vere med på laget vårt, så treng vi deg!
Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med seks leilegheitar, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder og hjelpebehov.
Vår kompetanse er særleg knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk.
Vi har eit bredt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet. Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagelig utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til ein positiv kvardag for brukarane
- Delta i bebuarane sine daglege aktivitetar og gjeremål
- Praktiske gjeremål i bustaden og andre oppgåver ut frå arbeidslister til den enkelte bebuar.
- Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
- Noko bistand i personleg hygiene
Kvalifikasjonar
- Miljøterapaut, min 3 årig høgskule.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Førarkort kl B, manuell
- Kunne jobbe sjølvstendig men også gode samarbeidsevner
- Kan beherske digitale verktøy
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er engasjert og motivert til å jobbe for ein god, trygg og forutsigbar kvardag for bebuarane
- Er imøtekommande og omsorgsfull i møte med bebuarane, pårørande og kollegar
- Tar initiativ og er ansvarsbevist
- Bidra til et godt arbeidsmiljø
Personleg egna vert lagt til grunn ved tilsetting
Vi tilbyr
- Varierande arbeidsoppgåver
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement
- Lønn etter tariff. Nissedal kommune tilbyr 10 års inngangsansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell.
Kontaktinformasjon
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18Arbeidsstad
Treungvegen 5053855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4921169909
Stillingsprosent: 16,67%
Fast
Søknadsfrist: 21.02.2025
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860880
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fadf99a83f604ecda2baa52931f6dba0