Sjåfør for renovasjonsbil
Nordfjord Miljøverk IKS
Florøvegen 1102, 6908 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Renovatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. august
NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vi ynskjer er å ha trygge renovatørar som køyrer skadefritt, og du må like å ta vare på bil og utstyr.
Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.
Renovatør/sjåførNoMil søkjer etter ny renovatør/sjåfør i 100% fast stilling med oppmøtestad på Florø i Kinn kommune.
For stillinga er det eit krav om at du har:· førarkort klasse C eller CE og YSK
· god helse og fysikk
· snakkar og forstå norsk tilsvarande nivå B2
· normale digitale ferdigheitar
· fagbrev innan transportfag vert vektlagt
Personlege eigenskaparDu bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør. Det er viktig å ha god arbeidsmoral, vere nøyaktig og til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.
Vi tilbyr· ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
· konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev
· gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
Søknad med CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka «Renovatør». Søknadsfrist: 6.aug 2025.Om bedriften
Nordfjord Miljøverk - NoMil - er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6bf64b66-651c-455d-8aaf-ac47faeaa462
- Hentet fra
FINN
- Referanse
414033665