Klatreparkinstruktør
Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter den rette personen som kan arbeide heile eller delar av sesongen frå mai til oktober som instruktør i klatreparken.
Vi søker deg som
- Er aktiv og friluftsinteressert
- Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
- Relevant erfaring frå klatrepark, klatring eller liknande aktivitetar
- Trivast med å jobbe i høgda
- Over 18 år og snakkar godt norsk eller svensk
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- Opplæring av besøkande
- Vakthald og tilsyn i klatreparken
- Redning frå klatreløyper ved behov
- Kontroll av løyper, opning/stenging av park og anne arbeid i forbindelse med daglig drift
Vi har tilgjengeleg bustad for leige.
Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post post@valldalaktivitetspark.no
Om bedriften
Valldal Aktivitetspark ein ein klatrepark i Valldal på Sunnmøre. Vi har åtte klatreløyper i ulike høgder, ziplines og fleire andre aktivitetstilbod på bakken.