Hopp til innhold

Assisterande rektor

Arbeidsgiver

Oppvekst og kultur, Sande kommune

Sted

Vågen 10, 6082 Gursken

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 31. august

Sande kommune står overfor ei framtidsretta omorganisering av oppvekst og opplæring. Frå januar 2027 vil rektors leiargruppe ha ansvar for SFO og  grunnskuleopplæring for alle grunnskuleelevar i Sande kommune, med skuleeiningar i Gursken og på Kvamsøy. Skulen i Sande kommune skal drive systematisk pedagogisk utviklingsarbeid i eit inkluderande læringsmiljø med fokus på trivsel og meistring. 

Arbeidsoppgåver

Du vil få moglegheit til å vere med å utvikle og forme ny skulestruktur med framtidsretta blikk på pedagogikk, oppvekst og opplæring. Vi vil ha auka fokus på praktisk læring, nærmiljø, mangfald og venskap. Som ein del av rektor si leiargruppe vil du få moglegheit til gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar einaste dag. Du vil ha ei sentral rolle i skuleutvikling i Sande kommune og fungere som rektor sin faste stadfortredar. Vi søkjer ein tydeleg, engasjert, strukturert , relasjonssterk og utviklingsorientert assisterande rektor med blikk for alle og hjarte for den einskilde. 

Som assisterande rektor vil du få eit betydeleg medansvar for den daglege drifta og langsiktige utvikling. Du vil ha nøkkelfunksjon i arbeidet med å styrke læringsutbytte og trivsel for barn og ungdom, og du vil vere sentral i utvikling av samhald og profesjonsfellesskap. Dette er ei leiarstilling for deg som liker høgt tempo, raske avgjersler, evner å skape arbeidsglede og som ynskjer ein innovativ framtidsretta skule.  Nokre av oppgåvene vil innebere: 

  • Sentral rolle i rektor sin leiargruppe 
  • Delta i strategisk planlegging
  • Rektor sin faste stadfortredar
  • Medansvarleg for oppfølging av skulen si pedagogiske utvikling
  • Støtte , rettleie og følgje opp  tilsette i deira profesjonsutøving, med særskilt fokus på klasseleiing, gode verdiar, elevsyn og vurderingspraksis.
  • Medansvarleg for dagleg drift, timeplanlegging, vikarhandtering, fråværshandtering, prøve- og eksamensansvarleg. 
  • Deltakande i systematisk, målretta arbeid for å avverge mobbing og utanforskap
  • Vidare utviklingsarbeid med PALS, BTS og implementering av pedagogiske verktøy for universell utforming av læringsøkta. 
  • Andre oppgåver delegert av rektor

Kvalifikasjonar

  • Er utviklingsorientert og kan anvende kunnskap om skuleforsking. 
  • Har evne til å involvere medarbeidarar i gode utviklingsprosessar.
  • Har godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse for grunnskulen.
  • Har relevant leiarutdanning og /eller har leiarerfaring.
  • Kompetanse innan prosjektleiing er ynskjeleg
  • Kompetanse og interesse for ITO og utvikling av universell utforming av opplæringsøkter
  • Kompetanse og interesse for forebygging av utanforskap, rus og psykiatri
  • Gode digitale kunnskapar og ferdigheiter 

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer godt og tydeleg, og evner å skape tillit i møte med elevar, føresette og kollega.
  • Du evner å fremje gode verdiar i tråd med skulen sitt mandat, og eit grunnleggande menneskesyn der kvar einskild elev opplever å vere verdifull for fellesskapet.
  • Vi ser etter deg som har god sjølvinnsikt og eit sterkt ønske om å spele andre gode.
  • Som kreativ, innovativ og framtidsretta pedagog bidreg du til å styrkje det tverrfaglege profesjonsfellesskapet i skule og SFO.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
  • Vi tilbyr

    • Eit inkluderande arbeidsmiljø og eit sterkt profesjonsfellesskap som ber preg av fagleg fokus og engasjement
    • Ein skule der relasjonar, verdiar og læring går hand i hand
    • Tett samarbeid og støtte i skulens leiarteam
    • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
    • Sande kommune har gode pensjons- og forsikringsordningar

     

  • Det skal leggast fram godkjent politiattest ved tilbod om tilsetjing. Attesterte kopiar av vitnemål og arbeidsstadfesting samt dokumentasjon av godkjent tenesteansiennitet må leggast fram på førespurnad, eller last opp som vedlegg til søknad.
  • Trur du at du kan ha fortrinnsrett til stillinga? Du kan lese meir om fortrinnsrett på Sande kommune sine heimesider
    Tilsetjing skjer etter kommunalt avtaleverk og på dei vilkår som kjem fram av lover, reglement og tariffavtalar.
    Det takast atterhald om endring av tenestestad, ansvars- og arbeidsområde samt eventuelle tilpassingar i stillinga sitt innhald etter kommunens skiftande behov.

     

    Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
    Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort

     

    Kontaktinformasjon

    Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 93221131

    Arbeidsstad

    Vågen 10
    6082 Gursken

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Sande kommune

    Referansenr.: 5152337017
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 31.08.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Lilly-Arlen Kvalsund

    kommunalsjef oppvekst og kultur

    +47 93221131

    Om bedriften

    Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.


    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    6bbe5f49-38f0-4ea0-a7e5-65627d86d27b

    Sist endret

    29. juli 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    319346867fe54b4792eb342a0656ba36

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser