Driftsansvarleg - Manger
Alver kommune
Idrettsvegen 2, 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsansvarlig - Manger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 24. juni
Kort om stillinga
Stillinga som driftsansvarleg er ei stilling som rapporterer direkte til einingsleiar , og som jobbar tett med dei tilsette i avdelinga. Driftsansvarleg har ansvar for delegerte oppgåver innan eit definert fagområde i avdelinga, og kan tildelast ansvar. Du vert einingsleiar sin nærmaste støttespelar i planlegginga og organiseringa av den daglege drifta av avdelinga. Som driftsansvarleg vil du arbeide i snitt 35,5 t/v med arbeid på dagvakter i vekene og arbeid i turnus kvar 3. helg og i høgtid. Det er mulig med langvakter kvar 4 helg om ønskeleg
Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunne få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som driftsansvarleg. Ved lengre fråvær av avdelingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert, jf. HTA § 13.4.
Om avdelinga
1/8 - 25 vert omsorgsbolig pluss organisert under sjukeheimstenesta. Avdelinga vil da bestå av Velferdsenterte som har 38 plasser fordelt på 17 Langtidsplasser for somatisk syke, 14 tilrettelagte plasser for personar med demenssjukdom og 7 Kortidsplasser.
Omsorgsbolig pluss har 21 leiligheter hvor 5 er avsatt til avlastnings.
Arbeidsoppgåver
Fagansvar:
- Delegerte oppgåver frå einingsleiar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innafor ramma av dei ressursane fagområdet disponerer
- Ansvarleg for at fagområdet nyttar kvalitetssystemet i tenesteproduksjonen og nyttar avvikssystemet i oppfølginga
- Ansvarleg for å gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Følgje opp naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla har tilstrekkeleg og relevant kompetanse, eksempelvis i form av internundervisning, e-læringskurs, og generell opplæring der det er behov
- Følge opp skriftleg og munnleg dokumentasjon og rapporter frå tilsette
Forbetringsansvar
I tillegg til fagansvaret kan du få delegert einskilde oppgåver frå Einingsleiar etter behov. Du kan og få tildelt ekstra ansvar. Eksempel på einskilde oppgåver:
- Oppgåver knytt til HMS arbeid
Oppgåver knytt til personalarbeid
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleier
- Gode norsk kunnskaper, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring som utøvande sjukepleiar i minimum 3 år, fortrinnsvis frå sjukeheim/institusjon.
Kven er du?
Vi søkjer etter deg som er ein fagleg trygg sjukepleiar og som kan arbeide sjølvstendig. Du har evne til å strukturere kvardagen og prioritere både eigen og andre sin arbeidskvardag ut frå dei krav som vert stilt til tenesta. I tillegg til å vere fleksibel og ha god gjennomføringsevne har du god rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming i ein travel kvardag. Du kommuniserer tydeleg og godt både med kollegaer, pårørande og pasienter.
Vi ønskjer deg som er god til å motivere, rettleie og til å skape engasjement. Du er god til å planlegge, har gode haldningar og evne til etisk refleksjon. I tillegg har du godt humør og gode samarbeidsevner, samt er ein rollemodell for dine kollegaer.
Personlege eigenskapane ovanfor vert vektlagt
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Høg kompetanse på avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har pasient i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Årsturnus
- Lønn: kr 50 000,- over lønn ut frå kompetanse og ansiennitet
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 6 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger, Helsehuset samt Såta bu- og servicesenter. Sjukeheimstenesta har totalt 205 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta. Sjukeheimstenesta har også egne sjukeheimslegar.
Sektor
Offentlig
Nettsted