Area Sales Manager Aftermarket
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Area Sales Manager Aftermarket
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ulstein Verft er eit selskap i det familieeigde Ulstein Group. Vi utviklar og bygger avanserte
spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi
likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserer miljøavtrykk
og gir kundane våre konkurransefortrinn.
Aktiviteten innan ettermarknaden har auka betydeleg sidan 2022. Vi planlegg for vidare vekst og søker ein resultatorientert og sjølvdriven Area Sales Manager. Hovudfokuset ditt vil vere på Ettermarked og tildelt ansvarsområde vil vere avhengig av dine kvalifikasjonar, interesseområde og bedrifta sitt behov. Du vil få ansvar for å identifisere og kontakte potensielle kundar, og bygge relasjonar for å utvikle ein lojal kundeportefølje. Størrelse og kompleksitet på kunden varierer. Det er viktig at du evner å tilpasse rette løysingar for kundar på ulike nivå og at du trivast i forhandlingssituasjonar. Du vil inngå i eit sals-team på tre og stillinga rapporterer til Sales Manager Aftermarket. Du må pårekne stor reiseaktivitet i stillinga.
Arbeidsoppgåver
Vi ser etter deg som er den fødde relasjonsbyggar, som ønsker å bistå kunder med smarte og innovative løysingar og med evne til å skape begeistring i møte med kunden.
- Etablere nye forretningsrelasjonar ved å identifisere og oppsøke potensielle kundar
- Auke marknadsandel på Ettermarked gjennom oppsøkande operasjonelt salsarbeid
- Bygge og vedlikehalde sterke kunderelasjonar
- Avklare og forstå kundens behov og tilpasse løysingar som dekker behovet
- Kommunisere og forhandle med kundar på ulike nivå, på norsk og engelsk
- Halde deg oppdatert på marknadstrendar og bransjeutvikling
- Delta og representere selskapet på messer og bransjearrangement
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelornivå eller fagskule; lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere
- Erfaring frå sal innan den maritime industrien, gjerne med fartstid
- God kunnskap om skips-service og skipsbyggingsindustrien
- Teknisk bakgrunn; kan kommunisere teknisk informasjon til både teknisk- og ikkje- teknisk publikum
- Erfaring frå forhandlingssituasjonar og sluttføring av kontraktar
- Kan vise til god måloppnåing innan salsarbeid
- Beherske norsk og engelsk svært godt
Personlege eigenskapar
Som person er du sjølvstendig og uredd, og likar å jobbe i høgt tempo med eit høgt aktivitetsnivå. Oppsøkande kundekontakt utgjer ein vesentleg del av stillinga og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
- Trivast med å kontakte og oppsøke nye potensielle kundar
- Trivast med å ta initiativ og å jobbe sjølvstendig
- Vilje til å reise nasjonalt og internasjonalt ved behov
- Teknisk teft og interesse for løysingane og bransjen
- Blir motivert av å jobbe i team
- Har sterke forhandlingsevner og trivast i forhandlingssituasjonar
- Er resultatorientert og blir motivert av å sluttføre kontraktar
Vi tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern
- Ei sentral og utadretta rolle på Ettermarked
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Konkurransedyktige lønnsvilkår
- Fleksitidsordning
- God pensjons- og forsikringsordning
Kontaktinformasjon
Martin Sundgot Hansen, Sales Manager Aftermarket, +47 40073247, martin.hansen@ulstein.comAnna Goksøyr, HR Manager, +47 94488674, anna.goksoyr@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4672295489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2357730
- Hentet fra
talentech
- Referanse
631d0f2a8cab4bbda8c9fe15d26ee588