Ledige helgestillingar - avdeling for personar med demens
Osterøy kommune
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige helgestillingar på Osterøytunet - avdeling for personer med demens
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på avdeling for pasientar med demenssjukdom.
Det er fleire ledige helgestillingar i stillingsstorleiken 16,9% - 17,37%, med arbeid kvar tredje helg.
I tillegg er det eit ledig vikariat på 17,61%, frå 1.9.25 - 31.8.26.
Før gjerne opp i søknadsteksten kva for stilling du er interessert i.
Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som assistent har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og dagleg drift av gruppa.
Kven søkjer vi etter?
Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling
- God opplæring
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Heilskapeleg omsorg og pleie
- Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
- Målretta miljøarbeid
Kvalifikasjonar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
På Osterøytunet ønskjer vi å skape ein heim der alle bebuarar føler seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi fokuserer på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse er viktig. Gjennom fagleg dyktighet, omsorg og engasjement arbeider vi for å gi kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag fylt med respekt, glede og fellesskap.
Vi opna i januar 2004 og er organisert i 3 avdelingar med totalt 7 grupper og 65 einsengsrom for personar med somatiske lidingar, demens og korttidsplassar. Vegg i vegg med Osterøytunet ligg Hauge bufellesskap, med 16 buenheiter som er organisert under heimetenesta. Sjukeheimsplass er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. Du kan få tilbod om eit korttidsopphald eller langtidsopphald.
Osterøytunet er eit stad der kompetanse og kvalitet står i høgsetet. Vi er stolte av å ha eit dyktig sjukepleierteam med høg utdanning, som saman med våre flotte helsefagarbeidarar og assistentar skaper ein trygg og omsorgsfull kvardag for bebuarane. Våre tilsette får jamleg moglegheit til fagleg påfyll gjennom både interne og eksterne kurs, slik at dei heile tida kan utvikle seg i tråd med dei nyaste omsorgsstandardane. Mange er også under vidareutdanning, og vi tilrettelegg for at dei kan kombinere arbeid og studiar. På Osterøytunet er vi opptatt av at alle våre medarbeidarar skal ha dei beste føresetnadene for å gje bebuarane den omsorga dei fortener.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6b6f3f5c-7e05-427c-a124-96cc2dc72622
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255465